Kva gjenstår med riving av sjukehuset?Lytt til tekstenStopp avspillingDet er ikkje mykje rivearbeid som gjenstår før resten av det gamle sjukehusbygget er jamna til bakkenivå. Rivearbeidet skal likevel fortsette til byggegrunnen for nybygget. Om lag fire til seks veker gjenstår, der rivingsavfallet skal fraktast vekk frå den framtidige byggeplassen til Alberatunet omsorgssenter.Vi nærmar oss slutten på perioden der harde og mjuke trafikkantar må vere spesielt aktsame rundt rivingsområdet. Når bygget er jamna med jorda vil det ta fire til seks veker for det resterande arbeidet. Dette inneber resterande rivingsarbeid til byggegrunnen, frakting av rivingsmateriell vekk frå området, og klargjering av området til den neste fasen i prosjektet. Publisert 18.02.2025 13.12 Sist endra 18.02.2025 13.12