Kunngjering av planvedtak: Planendring av områdeplan Florelandet Nord - ny transformatorstasjon

Kinn kommune har i sak datert 27.06.2024 godkjent endring av områdereguleringsplan Florelandet nord – næring, planID 20110106.

Føremålet med planendringa

Det er eit behov for  ei forsterking av regionalnettet inn til Florø for å sikre stabil kraftforsyning. Lokaliseringa av ny transformatorstasjon på det eksisterande næringsområde på Botnaneset er vurdert til å vere mest gunstig. Planendringa omfattar forskyving av vegformål mot aust for å gje plass til transformatorstasjon. Justeringa skjer innanfor areal avsett til industri- og vegformål i gjeldande plan.

Saksdokument

Informasjon om gjeldande plan finn du på arealplaner.no. Alle godkjente dokument ligg under fana «Plandokument». Under fana «Planbehandlinger» ligg informasjon om handsamingsprosessar. Link til dei aktuelle dokumenta for denne planendringa finn du her:

Klagerett

Fristen for å klage på vedtaket er etter forvaltingslova § 29 sett til 18.07.2024. (tre veker frå den dagen vedtaket er kunngjort).

Vedtaket kan påklagast av ein part eller ein annan med rettsleg klageinteresse i saka, jf. §28 i forvaltningslova. Klagen må sendast til Kinn kommune seinast tre veker etter at vedtaket er mottatt, eller klagar på annan måte er blitt gjort kjend med innhaldet. Klagen kan sendast på elektronisk skjema som du finn her, til post@kinn.kommune.no eller til Kinn kommune, Postboks 294, 6701 Måløy.

Kommunen vil handsame klagen. Dersom kommunen fastheld sitt vedtak, vil klagen, samt alle naudsynte saksdokument bli oversendt til Statsforvaltaren i Vestland for endeleg handsaming. Der ei klage fører fram kan klagar etter tilhøva ha krav på å få dekka sine kostnadar med å sette frem klagen jf. fvl. § 36.