Kunngjering av innskriving til 1. klasse for skuleåret 2025 - 2026

Alle skulepliktige barn skal innskrivast, også born som fekk vedtak om utsett skulestart førre skuleår.

Kommunen vil fatte eit vedtak om skuleplass på næraste skule i tråd med opplæringslova § 2-6. Barna blir plassert etter folkeregistrert adresse.

Alle som skal starte i 1. klasse hausten 2025 vil få eit brev med tildeling av skuleplass

Brev med endeleg tildeling av skuleplass blir sendt ut om lag 15. februar. Ta kontakt med Mona Ødegård Standal eller Marianne Nødset dersom det er noko du lurer på. Ring sentralbordet vårt på tlf. 57 75 60 00.