Kulturkonferansen er i gong på Florø kulturhus!Lytt til tekstenStopp avspillingVestland fylkeskommune arrangerer i år Kulturkonferansen på Florø kulturhus, der deltakarar frå heile regionen samlar seg for å utforske korleis kultur kan løftast som politikkområde og kraft i samfunnsutviklinga.Ordførar Bengt Solheim-Olsen opna konferansen og ønskja alle deltakarane velkomen, før Jacob Nødseth tok over ordet, i rolla som leiar i hovudutval for kultur, idrett og inkludering i Vestland fylkeskommune.Programmet for dagen rettar seg mot tre ulike tema:Korleis løfte kultur som politikkområdeKulturpolitikk i praksis – samarbeid om gode lokalsamfunnKorleis løftar vi i lag?Midt på dagen gjekk ein panelsamtale leia av Jacob Nødseth føre seg, der mellom anna ordførar Bengt Solheim-Olsen, Øyunn Viken og dagens innleiarar diskuterte korleis god kulturpolitikk kan bidra til sterke og berekraftige lokalsamfunn.Kultursjef Anita Solbakken fortel om samarbeidet mellom kulturavdeling og oppvekstsektorVår eigen kultursjef Anita Solbakken, i lag med avdelingsleiar Jorunn Bakke Nydal og prosjektleiar for Gate 1-prosjektet Juan Diaz, presenterer også korleis vi samarbeider om kultur og stadutvikling i Kinn kommune.Prosjektleiar Juan Diaz fortel om Gate 1-prosjektet i Måløy og kulturell byplanleggingDagen rundar av med fokus på samarbeid mellom offentlege aktørar og private stiftingar. Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Gjensidigestiftelsen presenterer døme på vellukka kulturprosjekt, før ein avsluttande panelsamtale undersøker korleis ein i fellesskap kan løfte kulturlivet vidare.Du kan lese meir om Kulturkonferansen 2025 på Vestland fylkeskommune si heimeside. Publisert 18.11.2025 13.17 Sist endra 18.11.2025 13.41