Torsdag arrangerer Krisesenteret i Sogn og Fjordane ein konferanse for å markere jubileet, med føredragshaldarar som Margunn Bjørnholt, Hadia Tajik, Jannicke Stav og Veronica Bratseth.
Eit livsviktig tilbod
Sidan oppstarten har Krisesenteret dokumentert den harde realiteten; mange kvinner og barn har måtte flykte frå ein heim prega av vald og utryggleik. Det var eit håp om at kunnskap og openheit rundt temaet skulle føre til endring, men valden har snarare eskalert og blitt grovare. Dei tilsette ved senteret møter kvar dag menneske som treng akutt hjelp og langvarig oppfølging.
Krisesenteret tilbyr eit døgnope, gratis og anonymt tilbod til alle som treng det. Her kan valdsutsette få hjelp til å komme seg ut av ein vanskeleg situasjon, anten gjennom butilbod eller samtaletilbod. Eit eige team tek seg av barna og sørger for at dei blir sett og tekne vare på.
Aktivitetar på Krisesenteret
Krisesenteret tilbyr eit trygt og inkluderande miljø for dei som treng det, og dei har arrangert ei rekke hyggelege aktivitetar for både barn og vaksne. Gjennom samarbeid med aktørar som Frivilligsentralen, handballgruppa og fotballgruppa i Florø, har bebuarane fått moglegheit til å delta i ulike fritidsaktivitetar.
Krisesenteret har òg motteke midlar frå Gjensidigestiftinga til både sommar- og juleaksjonen i 2023. I tillegg har dei fått gåver frå privatpersonar, lag og organisasjonar, noko som har gjort det mogleg å kjøpe inn utstyr og gåver for å skape positive opplevingar for barn og unge.
Aktivitetane har inkludert kinoturar, teaterframsyningar, juleverkstad, badeturar, bursdagsfeiringar, julefeiring, bingo, formingsaktivitetar, filmkveldar og turar i nærområdet. Bebuarane har òg tilbod om gratis årskort til symjehallen og treningssenter.
Eit viktig samfunnsproblem
Sidan 2012 har dei samfunnsøkonomiske kostnadene ved vald i nære relasjonar auka drastisk. I 2021 vart desse kostnadene anslått til 92,7 milliardar kroner. Mellom 2011 og 2023 hadde Krisesenteret til saman hatt 1196 beuarar fordelt på 41 591 døgn, der 600 var kvinner, 34 menn, og 562 barn.
Ei stor takk
I samband med 40-årsmarkeringa vil Kinn kommune rette ei stor takk til Krisesenteret og alle som har bidrege. Frå kompetente tilsette med store hjarte og kalde hovud, til frivillige og samarbeidspartnarar – de gjer ein stor forskjell for menneske i ein vanskeleg situasjon.
Kinn kommune er stolt over å vere ein del av det viktige arbeidet Krisesenteret gjer. Gjennom tett samarbeid bidreg også kommunen til at tilbodet er tilgjengeleg for dei som treng det. Vi oppmodar alle til å bidra til å skape eit tryggare samfunn for alle.
I samarbeid med Krisesenteret og andre aktørar har vi utarbeidd eigen handlingsplan mot vald i nære relasjonar som vert brukt i kommunen si tenesteyting, med omsyn til innbyggarar, tilsette - alle i samfunnet.
Kontakt Krisesenteret
Ønskjer du kontakt med Krisesenteret kan du treffe dei på døgnope telefon 57 74 36 00, eller sjå heimesida deira her.