Krevjande og spennande haust

Mange kommunar er i ein situasjon der stagnerande inntekter og auka utgifter har ført til utfordringar med sviktande resultat og økonomisk ubalanse. Kinn kommune er derfor ikkje i ei særstilling med omsyn på omstilling- og endringsbehov.

Underskott over tid
Kinn kommune kom ut med eit negativt netto driftsresultat på -29 millionar kroner i 2023. Resultatet utgjer -1,5% av driftsinntektene. I opprinneleg budsjett 2024 hadde vi lagt inn bruk av fond på 6 mill. kr. og har auka dette til 17 mill. kr. etter vedtak i 1. tertialrapport 2024.  Vi har med andre ord gått med underskott og negativt driftsresultat over tid og tært på sparepengane.

Ein slik situasjon kan ikkje halde fram. Derfor skal finansutvalet og administrasjonen jobbe på ein annan måte denne hausten. Det er sett opp 4 møter i finansutvalet (politikarar og administrasjon) og det vil bli sett ned administrative arbeidsgrupper, som skal vurdere endrings- og tiltaksframlegg for betre budsjettbalanse.

Tiltak kan gje konsekvensar, men vi skal samanlikna oss med andre
Kommunedirektøren trur at nokre tiltak vil bli oppfatta som utfordrande for innbyggjarane og tilsette. Det ligg eit krav på oss alle å finne tiltak som smertar minst og konsekvensar av tiltaka må vurderast mot nytte. Det er likevel slik at vi gjer prioriteringar og vi må nytte godt dei ressursane vi har. Som mellomstor kommune er det viktig å sjå etter forbetringar og vurdere eiga drift.  Dette vil være ein del av jobben som skal gjerast. Samanlikning av tenestetilbod og innhenting av dokumentasjon. Agenda Kaupang vann konkurransen om å være rettleiar for prosessen.

Store investeringar krev innsparingar
Kinn kommune har framleis stort behov for å omstille drifta for å dekke investeringar i renter og avdrag på låneopptak til eldreomsorg, skule og infrastruktur. Auke i rente- og avdrag skal i stor grad dekkast med innsparingar på drifta. Derfor er det viktig at vi lukkast i haust.

Langsiktig tilpassing til demografiske endringar
Gjennom kommuneplanen sin samfunnsdel har ein likevel eit verktøy for å tenkje langsiktig på tenesteutvikling, omstille og innarbeide finansielle mål.

Her kan finn du informasjon om saka og link til videomøte
Møte i Finansutvalet 8. august

Her kan du lese kommuneplanen sin samfunnsdel
Kommuneplanen sin samfunnsdel