Korleis skal ungdom medverke i Kinn?

I går hadde ungdommens kommunestyre i Kinn (UKK) ein medverknadsverkstad. Organisasjonen Ungdom og Fritid organiserte og leia dagen. Opplegget er ein del av Folkehelseprogrammet barn og unge.

Ungdommane blei utfordra på korleis dei kan få stemma si høyrt i samfunnet. Og ikkje minst korleis dei vaksne i kommuneorganisasjonen skal involvere ungdommane. Her kom deltakarane med mange gode innspel. Fleire vaksne som jobbar med ungdom deltok på opplegget. 

I løpet av dagen fekk UKK kunnskap om kva ungdomsmedverknad er, og var gjennom gruppearbeid der ein har snakka om praktisk gjennomføring av medverknad.

Ungdomane vart delt i grupper som kom med innspel til korleis vi kan styrke ungdomsmedverknaden og ungdomsaktivitetane i Kinn kommune på kort og lang sikt. Her kom det innspel om vidareutvikling av ungdomsklubbane, ønske om fleire fritidsaktivitetar, og uttrykt behov for betre bussruter for å kunne delta i fritidsaktivitetar. Det blei og snakka om korleis vi kan involvere elevråda på dei ulike skulane i større grad.

I løpet av dagen har vi også avtalt at det skal haldast ei orientering om ungdomsmedverknad i (vaksen-)kommunestyret i Kinn. Ordførar Bengt Solheim-Olsen deltok i deler av verkstaden og tok med seg mange gode innspel.

UKK v/ ungdomsordførar og varaordførar har møte- og talerett i kommunestyret i Kinn, og desse er flinke å møte og å ta ordet. Kanskje skal dei få peika ut ein eller to mentorar i kommunestyret som har eit særleg ansvar for å involvere ungdomane? Dette har vi utfordra ordføraren på.