Korleis gjekk 2023 for kommuneøkonomien, og kva tiltak gjer vi vidare?

I går fekk kommunestyret orienteringar frå kommunalsjefane på korleis den økonomiske stoda var i 2023, kva tiltak som skal gjerast framover. Kanskje du også vil vite litt om dette?

Årsresultat for 2023

Kommunalsjef Linda Nipen orienterte om årsresultatet for 2023, og føringar for komande økonomiplanperiode. 

Årsresultatet fortel til dømes om korleis rekneskapet for året blei i høve til budsjettet som vart vedtatt. I dette avsnittet får du ei lita oppsummering, men i opptaket nedanfor kan du sjå ein grundigare framstilling frå kommunalsjefen.

Det er eit samla meirforbruk på tenesteområda på 13,5 millionar kroner i 2023. Og det er framleis utfordrande å skape balanse i drift av tenestene. Grunnskule har til dømes eit meirforbruk på om lag 12,7 millionar kroner - det er her avviket er størst. Nokre tenester har eit meirforbruk, medan nokre har mindreforbruk.

Ein tabell som syner budsjettavviket til Kinn kommune for 2023 - Klikk for stort bileteTabellen syner avvik mellom budsjettet for 2023 og kva som blei resultatet i årsrekneskapet

I tabellen ovanfor ser du kva som var budsjettert for tenesteområda i 2023, opp i mot kva rekneskapen tilseier. Du kan sjå at nokre tenester har eit mindreforbuk i høve til budsjettet, medan nokre har meirforbruk. Når ein ser samla sett for alle tenesteområda, er det eit meirforbruk på 13.5 millionar kroner.

Kommunalsjefen gjekk også gjennom dei finansielle måltala, og korleis den økonomiske situasjonen i 2023 står i høve til dette.

Behov for omstilling med omsyn til demografiutviklinga

Vi brukar meir på drift av tenestene enn vi har inntekter til. Inntektene til Kinn, utanom eigedomsskatt, er i hovudsak løyvingar frå statsbudsjettet som skatt og rammetilskot via inntektssystemet. Det er tal innbyggarar som er den viktigaste fordelingsnøkkelen når midlar fordelast mellom kommunane i landet. Folketal, alder og andre kriterium er avgjerande for kor høge inntekter Kinn kommune har dei komande åra, og har betydning for kor mykje vi kan bruke på tenester til innbyggarane.

På grunn av demografiutfordringa med ein aldrande befolkning og færre unge i arbeidsfør alder, slår dette dårleg ut på økonomien til Kinn dei komande åra.

Kinn har likevel høgare inntekter per innbyggar enn landsgjennomsnittet av kommunar. Og vi kan samanlikne oss med kommunar som nyttar mindre pengar enn oss på tenester til innbyggarane.

Sjå orienteringa frå kommunalsjef Linda Nipen her.

Resultat frå tenestene, og kvalitetsarbeid framover

Kommunalsjefane orienterte også meir detaljert om resultatet for sine tenesteområde i 2023. Til dømes kvifor eventuelle avvik har oppstått i høve til kva som var budsjettert, og korleis dei vil imøtekome utfordringar i økonomiplanperioden for 2025-2028. Dei fortalde også om korleis kvalitetsarbeid blir eit viktig omsyn til tross for den økonomiske situasjonen til kommunen. Nedanfor finn du opptak frå kvar sektor sin orientering. Då får du også eit godt innblikk i korleis kvart tenesteområde vert drifta.