Kommunestyrekonferanse torsdag 9. april

Torsdag neste veke er det kommunestyrekonferanse og ordinært møte i kommunestyre. Konferansen er ei samling mellom politikarar, hovudtillitsvalde, råd- og utvalsleiarar, leiarar i kommunale føretak, tenesteleiarar og toppleiing.

Dagen starter med kommunestyrekonferanse frå kl. 9.00 til 14.00. Frå kl. 14.15 vert det ordinært møte i kommunestyre fram til kl. 18.00. 

Program for kommunestyrekonferansen

Tema : Årsrapport, med innbyggjarundersøking og kvalitetsutvikling

  • 9.00 – 9.05 Ordførar
  • 9.05 – 10.00 Pågåande nasjonalt utgreiingsarbeid
    Kommunekommisjonen (Lasse Jalling, KS)
    Helsereformutvalet (Madli Indseth, KS)
    Kort summing kva dette kan bety for Kinn kommune
  • 10.15 – 11.15 Kvalitet og resultat - årsrapport
    Trude Gulbranson, strategi og samordning
    Økonomi, ressursbruk kvalitet, innbyggjartilbakemelding
    Øyvind Bang-Olsen, kommunedirektør, vidare arbeid
    Summing i gruppene – Ordsky/mentometer
  • 11.15 – 12.00 Pause
  • 12.00 – 13.00 – Utvikling, kvalitet, resultat og omstilling i sektorane
    Kvar sektor – Kvar kommunalsjef + 1-2 tenesteleiar, inkludert langsiktig øk. perspektiv
    Summing i gruppene – Ordsky/mentimeter
  • 13.30 -14.00 Gruppeleiarane reflekterer om kvalitet og utfordringar, ordførar avsluttar

Møte i kommunestyret

Møtet starter om lag kl. 14.15 og skal vare fram til kl. 18.00. Både kommunestyrekonferansen og kommunestyret vert direktesendt via kommuneTV. Lenke til sakliste, saksdokument og direktesending finn du nedanfor.