Kommunedirektøren sitt fredagsbrev

Bildet viser nærbilde av kommunedirektør Terje Heggheim. Rundt Heggheim er kommunevåpenet til Kinn kommune illustrert i blå fargar - Klikk for stort bilete

Kvar veke skriv kommunedirektør Terje Heggheim om aktuelle saker i kommunen. 

Ber Kinn kommune huse 175 flyktningar

Seint i går kveld fekk vi melding om at Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDI) vil be oss om å busette 175 ukrainske flyktningar. Det er meir enn det doble av kva vi sjølve har vedtatt. Torsdag sa kommunestyret ja til å kunne busette inntil 80 flyktningar. Samstundes fekk formannskapet fullmakt til å ta stilling til eventuelle nye utfordringar i saka. Eg snakka med ordføraren i dag tidleg, og han vil drøfte saka med gruppeleiarane så snart som råd. I stabsmøte måndag vil vi følgje saka opp. 

Utgangspunktet er vel at vi må gjere det som står i vår makt for å hjelpe i situasjonen. Vi minner igjen om at dersom de har ledige husvære, så set vi stor pris på om du vil leige det ut i denne situasjonen. På heimesida vår kan du lese meir om korleis du melder frå om det.

Eg trur Kinn er klar for ein humanitær dugnad.

Saka om deling av Kinn

De er no kjende med at statsforvaltaren har tilrådd å greie ut ei deling av kommunen. Statsforvaltaren sende brev om det til departementet 8. mars i år.  No er det opp til Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) å ta stilling til ei utgreiing eller ikkje. Dersom departementet vel å gå for ei utgreiing, tilrår statsforvaltaren ein vidare prosess i seks steg.

Først må statsforvaltaren gjennomføre ein tilbodskonkurranse, og deretter velje ut dei som skal gjennomføre utgreiinga. Steg to er sjølve utgreiinga. Ei folkerøysting er steg tre. Det fjerde steget går på at statsforvaltaren skal hente inn fråsegn frå fylkeskommunen og kommunane saka gjeld (nabokommunar). Som femte handling kjem Kinn kommunestyre sitt vedtak og endelege syn på deling eller ikkje. Det sjette og siste som skjer er at statsforvaltaren sender sak med tilråding til departementet. Dei avgjer. Dersom nokon av kommunane uttaler seg mot ei deling, vert saka å legge fram for Stortinget (inndelingslova § 5).

Eg veit andre har utfordra departementet på kor lang tid saka vil ta. Det vil ikkje eg meine for mykje om no. Vi må vere realistiske om det. Det er ikkje slik at dei seks aktivitetane ovanfor overlappar kvarandre. Tida frå utgreiinga ligg føre til vi kan gjennomføre ei folkerøysting må vere lang nok til at det blant anna vert utarbeidd informasjonsmateriell og gjennomført folkemøte. Ei folkerøysting skal vere førebudd og skje i samsvar med vallova. 

Eg registrerer også at statsforvaltaren avsluttar brevet sitt med ei viktig presisering. “Ettersom dette er ei stor og viktig sak for Kinn kommune med sine innbyggjarar, regionen og fylket, er det etter Statsforvaltaren si meining viktig å gjennomføre ein god prosess som sikrar eit godt kvalitativt innhald som grunnlag for ei endeleg avgjerd.”

No får vi i første omgang vente på om KDD går for ei utgreiing eller ikkje.

Intranett for alle tilsette

Denne veka lanserte vi eit intranett for alle tilsette. Det finn du via Teams. Når du opnar Teams finn du ein eigen knapp som heiter “Intranett”. Det vil seie at du som bruker Teams anten på PC eller mobiltelefon får tilgang til informasjonen som ligg der. Intranettet er bygd opp med informasjon som er nyttig for deg å vite om i ditt arbeidsforhold, og andre praktiske opplysingar om t.d. korleis bruke Teams. 

Intranettet er ei forlenging av “Team for alle” der vi legg ut interne nyhende, og informasjon om dei prosessane som går føre seg i høve til prosjekt bemanning, rekruttering av ny kommunedirektør og utgreiing om deling av kommunen. Onsdag hadde vi møte for alle tilsette om desse prosessane. Opptaket frå møtet kan du sjå ved å besøke “Team for alle” i kanalen “Frå kommuneleiinga”.

Jobb lokalt på maskina - ikkje bruk fagportalen

Førre veke gjekk vi ut med informasjon om at du kan starte arbeidsdagen utanfor fagportalen (Citrix). No er både e-post, sakshandsamingssystem og andre fagprogram tilgjengeleg lokalt på maskina di. Vi oppmodar om å bruke denne moglegheita. Dette gjeld for alle som bruker kommunal PC i det daglege arbeidet. 

Meir informasjon om dette har vi lagt ut i “Team for alle” i kanalen “IT, fagsystem og arkiv”. 

Ei god helg til dykk alle!

Terje Heggheim
kommunedirektør