Kommunedirektøren sitt fredagsbrev

Bildet viser nærbilde av kommunedirektør Terje Heggheim. Rundt Heggheim er kommunevåpenet til Kinn kommune illustrert i blå fargar - Klikk for stort bilete

Kvar fredag skriv kommunedirektør Terje Heggheim om aktuelle saker i kommunen.

Eit uverdig liv

Det er noko som gneg meg. 

I Kinn kommune har vi eit asylmottak. Det kan ta i mot 210 asylsøkjarar. I den siste rapporten eg fekk meldte dei om 159 bebuarar no i februar. Av dei 45 barn. 87 kvinner og 72 menn. Dei er frå 16 ulike land, men dei fleste kjem frå Etiopia, Eritrea og Iran.

Det som uroar meg er at 81 av asylsøkjarane har fått endeleg avslag på søknaden sin. Av dei er det mange barn. Dei skal sendast ut, men av ulike årsaker skjer ikkje det. Det er ikkje manglande utsending som gneg meg, men livet dei lever her.

Eit asylmottak er eit bu-tilbod for asylsøkjarar. 59 av asylsøkjarane på Solbakken ventar svar på søknaden sin. 81 har som nemnd endeleg avslag.

Utfordringa er at dei med endeleg avslag ikkje har nokre rettar i samfunnet. Dei har ikkje rett på nokre av dei tenestene kommunen leverer. Med unntak av akutt helsehjelp. Elles ikkje noko. Barn med foreldre som har fått endeleg avslag har dei same rettane som andre barn i kommunen vår.  

Mange vaksne har komplekse helseutfordringar. Dei har lite pengar, ikkje rett på arbeidsløyve, og heller ingen rett til opplæring.  Ikkje krav på fastlege, korkje barn eller vaksne. Operasjonar og kirurgiske inngrep vert ikkje gjort av helseføretaka, sidan dei ikkje har rett på det. Dag etter dag sit dei på mottaket. Liten aktivitet. Eg ser det ikkje annleis enn at det må føre til eit tomt liv der du blir tvungen til ein passiv kvardag, og ei uendeleg gledeslaus stode. Kva liv er det?

Vi har hatt fleire møte med Kurs KF og dei kommunale tenestene. Også med Utlendingsdirektoratet. Vi strekker oss langt i kommunen for å kunne gi dei det gjeld nokre av dei kommunale tenestene. Og ja, vi har økonomiske kostnader med det. Det skal vi følgje opp overfor andre institusjonar.

Eg syns det er synd at vi har ei ordning i landet vårt som gir så mange menneske eit uverdig liv. Eg tar i mot alle råd som kan vere ei hjelp overfor dei som treng den. Eg kjem til å følgje saka opp i møte og dialog med alle samarbeidspartar som kan ha noko å bidra med. Vi kan ikkje ha det slik!

Oppgradering av turstiar

Tidlegare i veka sende vi ei sak som skal opp i Plan-, miljø og næringsutvalet. Den handlar om utbetring av to spesielle stiar i kommunen. Kommunestyret har løyvd kr 500 000,- i 2022-budsjettet til oppgradering av turstiar. Bakgrunnen er den vellykka satsinga på oppgradering av turstiar og turvegar dei siste åra. Dette ønskjer vi no å byggje vidare på.

Den første som no får ei oppgradering er turstien til dagsturhytta på Fløgen. Der skal vi no bruke 350 000 kroner. Det har vorten eit svært populært turmål etter etableringa av hytta i 2019. Der er ein sti på om lag 2,2 km med stigning på 400 høgdemeter. Der er mange våte parti, og stien er svært nedsliten mange stader. Både dagsturhytta Fløgen og heile stien har ein grunneigar som vi har avtale med.

Den andre stien vi vil oppgradere går frå Kapellneset til Rystestølen. Her set vi av 100 000 kroner. På Rystestølen er det lagt ned stor innsats i å rehabilitere eit gammalt stølshus, som i dag framstår i god stand med fasilitetar for både overnatting og dagsbesøk. Det går fleire stiar opp dit. Men særleg stien stitraseeen frå Kapellneset er populær. Den er til dels veldig dårleg og nedsliten, og her er stort behov for oppgradering. Der er etablert ei foreining Rystestølens venner, med eit styre som jobbar for dette prosjektet. Stien er merka av Ytre Nordfjord turlag. Rystestølens venner har god dialog med turlaget om oppgradering av denne stien.

Vi ønskjer å søke om tippemidlar til begge prosjekta. Då kan vi gjere endå meir når vi fyrst er i gang med prosjekta. Du kan lese meir om desse to prosjekta og andre mindre tiltak i saka som går til utvalet si handsaming i neste veke. Du finn saka under møtekalendaren på heimesida vår.

Ei enno meir open og tilgjengeleg byggesaksavdeling

No er det lettare for deg å få kontakt med byggesaksavdelinga vår. Dei har oppretta ein eigen e-postadresse og telefonnummer for førespurnader frå deg som skal bygge noko. Telefonen og e-posten er bemanna av våre sakshandsamarar måndag til torsdag mellom kl. 12.30 – 15.00. Bruk e-postadressa byggesak@kinn.kommune.no, eller ring telefon 48 19 46 97.

Praksisstudent frå medielinja i Volda

Julie Nygård Itland studerer PR, kommunikasjon og media ved Høgskulen i Volda, og er for tida i praksis hos informasjon og Service. Her skal ho vere i åtte veker. Julie kjem frå Ålesund, men har dei siste åra budd i Måløy. Til sommaren skal ho levere bacheloroppgåva si der ho skriv om kommunikasjonen knytt til samanslåinga av Flora og Vågsøy.

Julie jobbar saman med webansvarleg Frida Rogne om Kinn kommune sine sosiale media og heimeside.

Dei vil fokusere på å vise fram alt det gode kommunen vår har å by på, informere om tenestene kommunen tilbyr, og kva du kan oppleve på kysten. Har du innspel til Frida og Julie? Innspel kan sendast til Frida på e-post frida.rogne@kinn.kommune.no

Kinn kommune er både på Instagram og Facebook, følg oss gjerne der!


Ei god helg til dykk alle!

Terje Heggheim
kommunedirektør