Kommunedirektøren sitt fredagsbrev

Bildet viser nærbilde av kommunedirektør Terje Heggheim. Rundt Heggheim er kommunevåpenet til Kinn kommune illustrert i blå fargar - Klikk for stort bilete

Kvar fredag skriv kommunedirektør Terje Heggheim om aktuelle saker i kommunen.

Om situasjonen i Kinn

No er kommunestyret sitt vedtak om å søkje ei utgreiing om deling av kommunen sendt statsforvaltaren. Det skjedde tidleg i veka. 

Det som no skjer er at Statsforvaltaren vurderer søknaden. Deretter sender embetet ei tilråding til Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD). Sidan dette er ei tilråding vil vel det handle om ei utgreiing vert tilrådd eller ikkje. Som del av vurderinga kan det vere at Statsforvaltaren også vil involvere andre, som til dømes uttale frå fylket, nabokommunar og andre liknande høyringsinstansar. Når KDD har mottatt denne vil dei ta ei avgjerd om kommunen skal greiast ut med tanke på ei deling eller ikkje.

Dersom KDD avgjer at utgreiingsarbeidet skal starte, peikar dei også på kven som skal gjere arbeidet. I lovteksten (inndelingslova § 9) vert det også slått fast at departementet skal seie noko om omfanget av utgreiinga; kva spørsmål og tema utgreiinga skal svare på.

Departementet kan avslå søknaden om å greie ut. Då kan kommunestyret klage på avgjerda etter reglane i forvaltingslova.

Ei sakshandsaming etter desse reglane vil krevje tid. Eg er på ingen måte sikker, men eg trur det kan bli ei særs krevjande øving å få desse spørsmåla avklart slik at ei eventuell deling kan skje i samband med neste kommunestyreval. Då byggjer eg på røynslene frå samanslåingsprosessen. Kommunestyret sitt vedtak legg også opp til ei folkerøysting. Då må utgreiinga ligge føre, og vi må førebu folkerøystinga etter reglane i vallova. Som del av å invitere til folkerøysting, må vi informere på førehand. Dersom arbeidet skal vere kopla til neste lokalval, må det i alle fall lagast ein tidsplan som gjer det mogeleg. Utfordringa er å lage ein tidsplan der andre instansar og andre forvaltingsnivå er del av den. Vi kan vel knapt forplikte dei tidsmessig. Framdriftsplanen må vere realistisk.  Dersom det er noko alle i Kinn – ikkje treng no, så er det urealistiske planar.

Det vil vere naturleg at den politiske og administrative leiinga er i dialog med Statsforvaltaren og departementet for å følgje opp kommunestyret sitt vedtak. Vi vil kome med meir informasjon etter kvart.

Eg har tidlegare sagt meg lei for den uvissa de som tilsette opplever no. Den må vi stå i! Vi må forholde oss til at kommunestyret ønskjer ei utgreiing om deling. Eg delar arbeidsveka mi stort sett mellom dei to kommunesentra i kommunen. Uansett kor eg er, ser eg den flotte jobben alle tilsette kvar dag utfører for innbyggarane våre. Mitt største ønskje er at de held fram denne flotte jobben.

Om situasjonen min

I går kveld vedtok kommunestyret i Sunnfjord kommune å tilsette meg som ny kommunedirektør. Det er eit jobbtilbod eg kjem til å takke ja til. Det betyr at eg no går inn i ein situasjon der eg må avklare med arbeidsgjevaren min (kommunestyret) og ordføraren i Sunnfjord kva tid eg kan tiltre den nye stillinga. Eg vil halde dykk orientert om dette, etter kvart som det kjem avklaringar.

Motverking av digital utanforskap hjå eldre

Kinn kommune har fått tildelt kr. 85 000 for å vidareføre og utvide arbeidet med å motverke digital utanforskap hjå eldre. Dette er ein del av arbeidet knytt til reforma Leve heile livet. Midlane skal nyttast til å auke digital kompetanse ved å skape aktivitet, deltaking og sosialt fellesskap på ulike møteplassar. Satsinga har fått god respons, og vi håpar med dette at vi får fleire med oss. Vi er veldig glad for å kunne halde fram innsatsen på denne fronten, i eit samfunn som stadig blir meir digitalisert tenesteretta. 

Kinn kommune er ein TIBIR-kommune

TIBIR står for Tidleg innsats for barn i risiko. Det er Nasjonalt utviklingssenter for barn og unge AS (NUBU) som står for forsking og utvikling av dei tiltaka som ligg i TIBIR-pakken. Dei sikrar at desse er forskingsbaserte og kan dokumentere effekt. Før jul vart Kinn kommune spurt om å delta i NUBU sitt vidare utviklingsarbeid, og evaluering av eit nytt TIBIR-tilbod «Støtte til mestring» (STM). STM er eit førebyggjande foreldrerettleiingsprogram. Dette er spesielt designa for å kunne gje skreddarsydd hjelp til familiar med barn som synar teikn på angst, å vere nedstemd, har samarbeidsvanskar eller kombinasjonar av desse.

Sju kommunar i Norge har delteke på dei fyrste rundane i forskingsarbeidet. Med atterhald om støtte frå Norsk Forskningsråd skal NUBU arbeide vidare med «syklus 3» som er å teste ut STM i ein større studie. Region vest skal bidra med 2-3 kommunar, og Kinn kommune har teke på seg å delta på denne studien med to PMTO-terapeutar.

Vi ser at det er behov for kommunale tilbod til den målgruppa som tiltaket gjeld, og er glade for at vi som kommune får høve til å auke kompetansen og kunne gje familiar eit enda breiare tilbod enn vi har i dag. Opplæringa som terapeutane skal ha vert gjennomført i slutten av 2022. Arbeidet med å teste ut modellen vert gjennomført i 2023 og 2024.

“Ope hus” kvar torsdag

Gjennom midlar frå regjeringa si reform “Leve heile livet” har vi eit lokalt tiltak kalla “Ope hus”. Dette er ulike kulturelle aktivitetar retta mot vaksne som er heime på dagtid. Aktivitetane finn stad i Florø, er gratis, og sprikar mellom alt frå fellesmiddagar til konsertar, føredrag og mykje meir. Til fellesmiddagane på Havglytt tilbyr Florø pensjonistlag gratis transport. Du vil også oppleve omfanget av tilbodet våre dyktige frivillige lag og organisasjonar har å tilby. Besøk “Leve heile livet”-prosjektet si heimeside for å finne det gode programmet dette halvåret.

Kontaktperson breiband

Enkelte ønskjer å kome i kontakt med kommunen om spørsmål som har med breibandsutbygging å gjere. Vi ser at vi kan vere meir klar på korleis de skal kontakte oss. Det gjeld spørsmål om breiband til bustader, fritidsbustader, næringsbygg, infrastruktur, mobile utbyggingsprosjekt og liknande. Kontaktpersonen i alle desse spørsmåla er Jeikishan Jegathesan, telefonnummer 41 53 01 30, mailadresse er jeikishan.jegathesan@kinn.kommune.no

Ei god helg til dykk alle!

Terje Heggheim
kommunedirektør