Kommunedirektøren sitt fredagsbrev

Bildet viser nærbilde av kommunedirektør Terje Heggheim. Rundt Heggheim er kommunevåpenet til Kinn kommune illustrert i blå fargar - Klikk for stort bilete

Kvar fredag skriv kommunedirektør Terje Heggheim om aktuelle saker i kommunen.

Ny utvikling i lagnaden til Kinn

Som dei fleste no er kjend med gjekk fleirtalet i formannskapet tysdag inn for å be meg starte arbeidet med ei deling av kommunen. Dei vedtok at kommunedirektøren skal søke statsforvaltaren om å starte ei utgreiing av spørsmålet. Normal saksgang er då at statsforvaltaren sender ei tilråding til departementet. Departementet avgjer etter inndelingslova § 9 om statsforvaltaren skal gjennomføre ei utgreiing. Kommunestyret skal få uttale seg om ei eventuell utgreiing før det blir fatta vedtak i saka. Kommunestyret i neste veke skal handsame innstillinga frå formannskapet. Eg skal ikkje spekulere i det utfallet.

Formannskapet si førehaving utløyste overrasking på tvers av dei politiske skiljelinene i Kinn-politikken, men gjerne ikkje på tvers av dei som har vore for, tvilt, eller i mot kommunesamanslåinga. Slik er det.

Eg er opptatt av deg som tilsett, uavhengig av kva kommunestyret seier i neste veke. Overfor alle tilsette; eg seier meg lei for den uvissa vi no står i.

I utgangspunktet vil Prosjekt bemanning halde fram. Dersom Kinn held fram som kommune, vil det vere behov for å vidareføre prosjektet. Vi må redusere talet tilsette, både ut frå økonomiske tilhøve, men også for å hente effektar av samanslåinga. Dersom det går mot ei kommunedeling, vil behovet for dei nye kommunane, vere det same; ei dimensjonering i høve to nye økonomiar. Det er likevel utfordringar.

Dersom vi skal dele kommunen i samband med kommunestyrevalet 2023, vil økonomiplanen vi styrer etter, gripe inn i dei nye kommunane sitt første driftsår. Det første året som eige rettssubjekt. Eg treng difor å sjekke ut kva ei så tidleg kommunedeling betyr for prosjektet, spesielt med tanke på talet årsverk vi skal fase ut i 2023 og 2024. Nett no veit eg ikkje kva det betyr. Eg jobbar med saka.

Tidlegare i dag hadde prosjektgruppa møte og spørsmålet kom opp. Enn så lenge held Prosjekt bemanning fram. Eg vil vurdere den vidare lagnaden etter kommunestyret sitt vedtak.

Vi er ferdig med Bryggja-oppgjeret i skjønsnemda

Førre fredag møtte vi i Skjønsnemnda etter inndelingslova. Forhandlingane skjedde ved at Kinn-delegasjonen sat samla i Måløy, Stad kommune sat samla på Nordfjordeid, og dei tre medlemane i nemnda sat kvar for seg, men alle samla i eit digitalt møte.

Vi krev at Stad kommune skal betale oss 20 millionar kroner i året i fem år. Stad hevdar at dei ikkje skal svare for noko som følgje av denne delen av grensejusteringa.

Dette var ikkje ei mekling der vi kunne bli samde om eit resultat, men ei sak der vi ber andre ta stilling til oppgjeret.  Etter møtet i nemnda fekk Stad kommune høve til å kommentere ein rapport frå Telemarkforsking som vi la fram i forkant av nemnda sitt møte. Det var ny dokumentasjon i høve det vi hadde sendt nemnda tidlegare. Det var difor rimeleg og rett at Stad fekk nokre dagar etter møte i nemnda å svare på det. Det har dei gjort. Vi har sendt nemnda våre svar på det igjen.  Dermed er saka avslutta.  No må vi vente på skjønsnemnda si avgjerd.

Du kan sjølvsagt framleis vaksinere deg

Kinn kommune vaksinerer no ein dag i veka både i Måløy og Florø. Vi ser at etter kvart er det mange som er fullvaksinerte, men enda kjem det ein del som skal ha første dose. Fint om ein bestiller seg time, men det er også mogleg å berre stikke innom å få vaksine utan å ha bestilt time. Det ligg god og oppdatert informasjon om vaksineringa og korleis ein skal forholde seg om ein er smitta eller nærkontakt, på Kinn kommune si heimeside. Alle kan no hente seg sjølvtestar på servicetorget i Måløy eller Florø, samt på Allhuset i Eikefjorden (man., ons., fred., 16.00-18.00) om ein har behov for det.

Prosjekt bemanning

Denne veka leverte teneste- og stabsleiarar sine tenesteanalyser. Det betyr at prosjektet er i rute. Tenesteleiarane og stabsleiarane har gjort ein samvitsfull jobb med å finne løysingar, slik at det blir mogleg å nå prosjekta sine mål.

Det er kome inn framlegg til tiltak som vil gje innsparingar på tal årsverk og økonomi. Nokon av desse kan gjennomførast utan vesentlege konsekvensar for innbyggjarane. For andre tiltak som det også vil vere naudsynt å gjennomføre, dersom vi skal nå prosjektet sine økonomiske mål, vil det bli konsekvensar for dei tenestene kommunen tilbyr innbyggjarane. Prosjektet går no over i ein fase der kommunedirektør og kommunalsjefar skal gjennomføre sine sektoranalyser. Når den er ferdig i vinterferieveka, vil vi ha danna oss eit bilete over korleis og kor i organisasjonen vi skal redusere tal tilsette. Før det blir teke avgjerd om det skal alle løysingar og tiltak drøftast med dei tillitsvalde i organisasjonen.

Klart språk - interne arbeidsverkstader

I fjor arrangerte vi kurs i klarspråk for sakshandsamarar og leiarar ved hjelp av økonomisk støtte frå KS. Til dette nytta vi eksterne konsulentar. No har vi også tilsette med god kompetanse på klarspråk som tilbyr interne arbeidsverkstader for å jobbe målretta med å forbetre kommunikasjonen vår. Alle avdelingar får no tilbod om det. I hovudsak gjeld dette all kommunikasjon som er retta mot deg som innbyggar, men også andre offentlege instansar. Tenesteleiarar, avdelingsleiarar og andre interesserte i organisasjonen har fått informasjon om dette via Teams.

Få besøk eller besøk nokon!

I år er det frivilligheita sitt år, og i den samanheng vil vi gjerne minne om ein av moglegheitene i Kinn.

I 2020 starta Kinn kommune v/ LEV VEL, opp eit tilbod med namnet Få besøk. Dette er eit tilbod til deg som ønskjer å komme i kontakt med nokon, anten i form av jamlege besøk av ein frivillig for å gjere noko triveleg saman, eller delta i eit større fellesskap. Få besøk handlar og om å få informasjon om dei ulike kultur- og aktivitetstilboda i Kinn kommune. Det heile startar med ein bli-kjent-samtale med samfunnskoordinator i Kinn kommune. Målet er å avdekke dine ønskjer og behov for ein god kvardag.

Sjå film

På heimesida vår finn du ein film vi har laga, som handlar om å få besøk av ein frivillig. Ein film om dei gode stundene, om glede og sakn. Filmen finn du her

Kven er dei frivillige? 

Dei frivillige har vore gjennom ein intervjuprosess og er kandidatar som kommunen og frivilligsentralen meiner er svært godt eigna. Dei frivillige signerer teieplikt og får tilbod om kurs.

Korleis søkje? 

For å få besøk kan du sjølv, pårørande eller helsepersonell registrere deg i skjemaet på heimesida vår. Du kan også besøke informasjon og service i Florø eller Måløy for meir informasjon om tilbodet.

Elles kontakt samfunnskoordinatorane
Florø: Martine Bortheim, tlf. 97991802
Måløy: Emilie Bakke, tlf. 94886756

Vi treng frivillige! 

For at dette skal gjennomførast slik som vi tenker, er vi også avhengige av frivillige. Registrer deg på Florø og Vågsøy frivilligsentral sine nettsider om du vil bidra! Det er opp til deg sjølv kor ofte du vil bidra som frivillig.

Ei god helg til dykk alle!

Terje Heggheim
kommunedirektør