Kommunedirektøren sitt fredagsbrev

Bildet viser nærbilde av kommunedirektør Terje Heggheim. Rundt Heggheim er kommunevåpenet til Kinn kommune illustrert i blå fargar - Klikk for stort bileteKommunedirektøren sitt fredagsbrev.

Kvar fredag skriv kommunedirektør Terje Heggheim om aktuelle saker i kommunen.

Uvisse, men kjære tilsett i Kinn kommune!

Eg registrerer no at vi har fått ein situasjon som skaper usikkerheit om kommunen. Før, og sidan skipinga av Kinn, har vi visst om motstanden og dei som vil reversere den. Eg har opplevd Ja til reversering av Kinn kommune som faneberarar for det. Eg har opplevd fleirtalet i kommunestyret som eit motstykke. No kan det ha endra seg.

Eg spekulerer ikkje i 19 for 20 i mot, 20 for 19 i mot. Eg vurderer situasjonen slik at det er reelt mogeleg å opne for ei folkerøysting eller innbyggarhøyring. Det gir ein mogelegheit for kommunestyret å følgje innbyggarane sitt råd. Eg spekulerer heller ikkje kva det rådet blir. Det eine utfallet er like realistisk som det andre.

Eg skal ikkje spele meg inn på den politiske halvdelen. Eg må likevel vere klar på noko. Kommunelova gir meg plikter og ansvar. To omgrep er sentrale, forsvarleg og hensiktsmessig. Eg kan ikkje sitte stille og sjå eit kommunestyret som både skal jobbe til Kinn sitt beste, og samstundes opne for ei oppløysing av den. Korleis skal eg bruke 1 600 tilsette til det? Kva er forsvarleg og kva er hensiktsmessig? Som leiar tar eg til ordet for at det kommunestyret no kan kome til å gjere, er korkje forsvarleg eller hensiktsmessig. Korleis kan vi lage temaplanar for dei tunge sektorane i eit 10-års perspektiv, når kommunen kan bli oppløyst i perioden?

Eg registrerer vidare at det øvste arbeidsgjevarorganet i kommunen kan ha kome i ein slik situasjon.

Med bakgrunn i utviklinga dei siste dagane, og ut frå det faktum at lova pålegg meg å drive forsvarleg og hensiktsmessig, har eg difor kontakta Statsforvaltaren og Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Eg vil ha fleire samtalar med dei i dagane som kjem.

I løpet av helga eller måndag vil eg snakke med ordføraren om mogelege vegar vidare.

Til deg som tilsett vil eg seie: De har kvar einaste dag gjort ein framifrå jobb for Kinn. Du har vore profesjonell. Eg har sagt mange gonger; når politikken vert vanskeleg kan administrasjonen få vanskelege kår. Ei slik uvisse er verre. Eg kan ikkje anna enn å oppmode deg om å halde fram det gode arbeidet du gjer for alle som bur i kommunen vår – og samstundes takke deg for det!

Ny revisjonsrapport med gledeleg konklusjon

Vestland revisjon kom i dag med utkast til ein revisjonsrapport der dei har sett på korleis Kinn kommune reknar ut vederlag for langtidsopphald i institusjonane våre.

I konklusjonen kan vi lese at dei meiner kommunen har tilfredsstillande rutinar og system for vederlagsutrekninga. Dei viser til at det låge talet på klager og at brukarar har kome til semje med kommunen utan at Statsforvaltaren har vore involvert, tyder på god kvalitet på utrekningane og informasjonen som vert gjevne brukarane.

Det er kjekt å lese at andre vurderer tenestene våre på denne måten.

I dag vil eg difor rose Anita Svarthumle som i hovudsak har ansvaret for denne delen av kommunen sitt arbeid. Framifrå jobba – og takk!

God helg!

Terje Heggheim
kommunedirektør