Kommunedirektøren sitt fredagsbrev

Nærbilde av kommunedirektør Terje Heggheim - Klikk for stort bilete

Kvar fredag skriv kommunedirektør Terje Heggheim om aktuelle saker i kommunen.

Lokal deltaking i Stockholm

Ei ny bok frå Kommuneforlaget, «Mobbeforebygging i et fellesskapsperspektiv», tek utgangspunkt i ei forståing av mobbing som sosiale prosessar på avvege, grunna barn og unge sine eksistensielle behov for å høyre til, og frykt for å verte stengde ute. Forskarar og praktikarar rettar i boka merksemda mot skulen si kjerneverksemd - undervisninga. Frå Kinn er rektor ved Florø ungdomsskule, Kari Vårdal, ein av bidragsytarane med ein artikkel “Fellesskapende undervisning gjennom profesjonsutvikling”. I desse dagar er Kari i Stockholm saman med medforfattar og legg fram boka.

Kor flott at leiarar i kommunen vår deltar i slike nasjonale og vidtfemnande tiltak. I dette tilfellet ei bok som Kari har bidratt med innanfor eit tema som er viktig i det skulane tar fatt i fagfornyinga.

Biokolanlegg på plass

Med støtte frå klimasats har kommunen gått til innkjøp av eit biokolanlegg. Dette er no på plass ved planteskulen i Brandsøy kor det skal stå i innkøyringsperioden. Testbrenning vart gjennomført med flis i dag. Andre avfallsmateriell skal testast i vekene framover. Omnen er mobil og kan lånast vekk til bønder, hageeigarar og andre interesserte. Kommunen bidreg også til LARA (leverandør) sin produksjon av ein biokol-omn i mindre skala. Prototypen er under testing og LARA satsar på å produsere omnar for sal til privatpersonar innan neste grillsesong. Meir informasjon og bilete finn du i denne artikkelen.

Kvifor arkiv er viktig

I Noreg har vi ei eiga lov som slår fast at alle offentlege organ skal halde arkiv. Som kommune er vi pliktige til å arkivere dokument som er gjenstand for saksbehandling eller har dokumentasjonsverdi.  

Bevarings- og kassasjonsplan for Kinn kommune sikrar at bevaringsverdige dokument blir tatt vare på for ettertida, og legg til rette for kassasjon av dokument utan langvarig bevaringsverdi – i samsvar med Riksarkivarens forskrift.

For innbyggarane er det særleg viktig at kommunen har gode arkiv. Dei kommunale arkiva skal dokumentere innbyggaren si historie i høve rettar og pliktar knytt til kommunal tenesteyting, og i ettertid kunne gje innsyn og etterprøve dei vedtaka som er gjort. Vi kan sjå på arkiv som vår felles hukommelse, og på mange måtar som eit oppslagsverk over fortida.

Bevarings- og kassasjonsplanen vil såleis vere ein viktig del av kommunen sin internkontroll, og samtidig gjere greie for kommunen si dokumentasjonsplikt.

Lønsharmoniseringa held fram

Lokale forhandlingar (i kap. 4) er gjennomført etter den sentralt fastsette potten på kroner 6.583.450,- i år, som har verknad frå 1. oktober 2021.

Vi er glade for at vi i fellesskap med arbeidstakarorganisasjonane har kome i mål med å harmonisere lønsnivået i kommunen for dei store arbeidstakargruppene. Som til dømes sjukepleiarar, vernepleiarar og andre høgskuleutdanna i turnus, pedagogiske leiarar, kontaktlærarar, tilsette i barnevern, rus og psykiatri og NAV.

For andre grupper er vi på god veg, i samsvar med målsettinga om å vere lønsharmonisert i 2023.

God helg!

Terje Heggheim
kommunedirektør