Kommunedirektøren sitt fredagsbrev

Illustrasjon av kommunevåpenet til Kinn kommune, med "Kinn kommune" i svart skrift under. - Klikk for stort bilete

Kvar fredag skriv kommunedirektør Terje Heggheim om aktuelle saker i kommunen. 

Kven fortener Kinn kommune sin arbeidsmiljøpris? 

Ved siste kommunestyremøte i 2021 skal det delast ut arbeidsmiljøpris. Alle tilsette og folkevalde i Kinn kommune kan kome med framlegg til kandidatar!

Føremålet med prisen er å inspirere leiarar og tilsette til å fremme positive prosessar og tiltak for best mogeleg arbeidsmiljø i kommunen.

Prisen kan tildelast ein enkeltperson, fleire personar eller avdeling/teneste.

Alle tilsette og folkevalde i Kinn kan kome med framlegg.  Sittande medlemer av arbeidsmiljøutvalet, både frå arbeidstakar- og arbeidsgivarsida – kan ikkje kome med framlegg.

Alle nominasjonar må vere sendt til personalavdelinga innan 10. november 2021
Send dine nominasjonar til e-post: stine.hovland@kinn.kommune.no eller roald.leivestad@kinn.kommune.no

Prisen er på kr. 20 000,- og eit diplom. Den vert å nytte til velferdstiltak som kommer heile avdelinga/tenesta til gode. 

Kriterier for tildeling kan vere ein eller fleire av følgjande tiltak/arbeid:

  1. Tiltak som er med på å skape eit godt og trygt arbeidsmiljø
  2. Tiltak som bidrar til auka motivasjon, entusiasme og godt humør
  3. Tiltak som hjelper til med å redusere belastningslidingar og til ei positiv utvikling på fråværet, redusering av farlig arbeid og liknande etter prinsippet ”føre var”
  4. Igangsetting og gjennomføring av ulike prosessar, til dømes måten endrings- og omstillingsarbeid blir organisert og utført på
  5. Systematikk i utviklinga av HMT-arbeidet

Kinn vertskap for leiarforum for interkommunalt utval mot akutt forureining (IUA)

Kinn brann og redning ved IUA Sogn og Sunnfjord har hatt glede av å arrangere årets IUA leiarforum i Florø 19-21 oktober.

Over 50 leiarar innan oljevernberedskap frå heile landet har vært samla i Florø desse dagane, med fokus på blant anna oljevernberedskap, handtering av båtvrak og farleg gods.

Mykje god læring til det beste for oljevernberedskapen i Norge. Gode støttespelarar har vært Kystverket og Norsk oljevernforening for operatørselskap. Eg takkar Kinn brann og redning med Robert Endestad i spissen for eit godt gjennomført leiarforum.

Endra innstilling om ny brannstasjon i Florø

Det er lagt fram ny innstilling i saka om kor brannstasjonen i Florø kan ligge. Eg ser  ikkje lenger ei lokalisering ved Florø kulturhus som aktuell. Det heng saman med at prisdifferansen mellom Kringleskjæret og Florø kulturhus kan ligge mellom 15-25 millionar kroner. Når vi veit at Kringleskjæret har ein slik høgre kostnad, heng det saman blant anna med grunnarbeid og at vi må fylle i sjøen. 

Saka opnar samstundes for at vi kan sjå på eit tredje alternativ. Ei løysing der private tilbyr kommunen byggeland for ein stasjon.  Det er rimeleg grunn til å tru, men vi veit ikkje, at det kan vere meir byggeklare tomter enn det Kringleskjæret er i dag. I så måte og rimelegare. I det biletet vert det ikkje rett å legge brannstasjonen ved kulturhuset. Det er som sagt mogeleg å få til ei løysing ved kulturhuset, men krevjande. Når prisdifferansen ved å vurdere andre alternativ, vert mindre, vil det difor ikkje vere rett å gå for ei løysing der vi er avskoren for seinare eventuelle utvidingar, og eller å samarbeide med andre i eit nytt anlegg. Når det er sagt; det er i dag ingen konkrete innspel som handlar om samlokalisering med andre naudetatar.

De kan lese meir om dette i sjølve saka som de finn på heimesida vår.

God helg!

Terje Heggheim
kommunedirektør