Kommunedirektøren sitt fredagsbrev

Illustrasjon av kommunevåpenet til Kinn kommune, med "Kinn kommune" i svart skrift under. - Klikk for stort bilete

Kvar fredag skriv kommunedirektør Terje Heggheim om aktuelle saker i kommunen. 

Kva gjer vi med opplysningane om deg?

For å kunne utføre dei lovpålagte oppgåvene våre og yte gode tenester til innbyggarane, treng vi å hente inn og bruke personopplysningar. Kommunen er lovforplikta til å behandle personopplysningar på ein forsvarleg måte (personopplysningsloven).

Kinn kommune vil nytte Samsvar Personvern, som er ei teknisk løysing for personvern, for å imøtekome lovkravet. Løysinga vil vere ein del av kommunen sin intern- og kvalitetskontroll. Dette skal verne både tenestemottakarar og innbyggarar.

Arbeidet med utfyllande personvernerklæringar er i gong, og vil bli fortløpande publisert på Kinn kommune si heimeside. Her vil du som innbyggar kunne finne informasjon om kva personopplysningar som vert registrert, kvar opplysningane samlast inn frå og kven dei vert delte med. Du som innbyggar skal vite kva personopplysningar som vert registrert, og at opplysningane vert forsvarleg handsama.

Fleire til ungdomsklubbane

I førre veke opna ungdomsklubben i Måløy ein ekstra dag i veka, eit etterlengta tilbod, som ungdomane nyttar seg av med ein gong. Også i Florø har bruken av ungdomshuset Haffen auka monaleg i haust. I både Florø og Måløy har klubbane besøk av mellom 70 og 120 ungdomar kvar kveld. Flott!

Vi må bli betre overfor eldrerådet

Onsdag denne veka hadde eg møte med eldrerådet. Dei meiner at vi må bli flinkare til å involvere dei i sakene på eit tidlegare tidspunkt. I det siste har det vore saker til handsaming i utvala som burde ha vore til uttale i eldrerådet først. Det har dei rett i. Utvalet sine arbeidsoppgåver er nedfelt i lova på same vis som for andre utval. Eg ser at det av og til kan vere vanskeleg for sakshandsamarane som har korte tidsfristar frå før, og skulle sikre at alle aktuelle saker kjem innom eldrerådet først. Men, vi må bli betre enn det vi er i dag. Dette vil eg følgje opp i tida som kjem.

Auka institusjonskapasitet i Florø

Det er for få sjukeheimsplassar og omsorgsbustader til personar med behov for heildøgns helse- og omsorgstenester i Florø. Dette kjem fram i demografiske framskrivingar og behovsoversikter. Kommunestyret har på bakgrunn av dette vedteke at Florø sjukehus og arealet rundt skal nyttast til å auke institusjonskapasiteten. Sekundært kan utbygging av kapasitet skje på Florø omsorgssenter, men då som tillegg til utbygginga på sjukehuseigedommen. Utbygginga skal gjennomførast i fleire byggetrinn og vere i takt med framskrivingar og behov. Målet er å ha 1. byggetrinn klart til bruk i 2025.

Prosjektet starta formelt opp med vedtak i prosjektutvalet 13. oktober 2021. Det er oppnemnd prosjektgruppe for prosjektet, og det er i prosjektplanen peika på moglege interessentar og medverknadsprosessar. Dei som skal sitte i prosjektgruppa er: Trude Gulbranson, Jeanett Jensen, Siw Lambrecht (frå helsefagleg hald) og Roger Strømmen (frå byggforvaltninga). I tillegg vil arbeidstakarsida utpeike ein representant. Prosjektleiar er Anita Solbakken.

Av dei større aktivitetane no i oppstartsfasen av prosjektet er å analysere krav og behov. Det må også sikrast god koordinering inn mot pågåande reguleringsplanarbeid for området. I løpet av hausten skal det mellom anna gjerast vedtak på kor mange plassar som skal byggast i 1. byggetrinn, og for kven. Over nyttår kjem det saker til politisk handsaming som omhandlar kva som eventuelt skal rehabiliterast av sjukehusbygget og kva som eventuelt skal rivast. Det skal i same periode også takast stilling til kva funksjonar det elles skal planleggast for, som til dømes dagtilbod og base for heimetenestene. Kostnadene i prosjektet vil avhenge av mange forhold og per no er dette ikkje avklara.

Det vil kome utfyllande informasjon om prosjektet på heimesida vår.

Mekling om Bryggja 12. november

Det er no klart at det vert mekling mellom Kinn og Stad i eiga skjønsnemnd 12. november i Florø.

God helg!

Terje Heggheim
kommunedirektør