Kommunedirektøren sitt fredagsbrev

Illustrasjon av kommunevåpenet til Kinn kommune, med "Kinn kommune" i svart skrift under. - Klikk for stort bilete

Kvar fredag skriv kommunedirektør Terje Heggheim om aktuelle saker i kommunen.

Den afghanske sommaren

Vi har busett nærare femti personar med afghansk bakgrunn i Kinn kommune. Både familiar, einslege og einslege mindreårige. Mange av dei har flykta frå Taliban. Dei rømde frå krig, kaos og helvete.

No bur dei femti blant oss. Vi snakkar om naboane våre, elevar, kollegaer og vener som no har det særs tøft og vanskeleg. Dei slit med å få kontakt med slekt og familie i heimlandet. Vi merkar det alt på organiseringa av dei kommunale tenestene overfor dei det gjeld. Det har difor vore gjennomført møte med kommuneadministrasjonen og KURS KF om situasjonen. Det vil bli fleire møte om korleis vi kan hjelpe dei som treng det.

Kommunen skal gjere det som er naudsynt. Eg har likevel ei oppmoding til alle som bur i Kinn og som ser at det som skjer langt der borte, også rammar dei rundt oss. Vis omsorg og vis at du bryr deg!

Ny leiar for barnevernstenesta i Kinn

Lena Eikefjord er tilsett som ny tenesteleiar for barneverntenesta i Kinn kommune, etter Vidar Nytun som sluttar.

Lena er i dag avdelingsleiar ved barneverntenesta sitt kontor i Florø, og ho tok til i stillinga som tenesteleiar frå 1. september. Eg gratulerer og ønskjer lykke til med nye og spennande utfordringar.

Ny avdelingsleiar for informasjon og service

Bodil Gjerde er tilsett som ny avdelingsleiar i Informasjon og service i eit års vikariat.

Bodil har vore tilsett som konsulent i Vågsøy sidan 2012 og har jobba hovudsakleg med eigenbetaling, personaloppgåver og service.  

Eg gratulerer og ønskjer lykke til med nye og spennande utfordringar.

Drop-in vaksinering

Denne veka får 16-18 åringane våre si første Covid vaksinedose. Kinn er komen langt i vaksineringa, der 76% av innbyggarane over 18 år har fått to doser. Det er 11% som berre har fått ei dose. Desse vil dei næraste vekene få si andre.

Dei to neste vekene skal vi vaksinere på ettermiddag/kveld tysdagar og torsdagar på helsestasjonen. Vi opnar då for drop-in. Du kan møte opp og få vaksine utan å ha bestilt time.

Det er ein del som ikkje har møtt opp til vaksinering, det gjeld spesielt aldersgruppa 24-39 år. Vi oppfordrar spesielt desse til å vaksinere seg. 

Dersom det vert aktuelt å vaksinere barn frå 12-16 år, så er vi klare. 

Parkering ved Skramsheim i Måløy

Kinn kommune disponerer i dag sju parkeringsplassar for tilsette med arbeidsstad i Skramsheim.

Parkeringsplassane er aust for Hagemarkedet og i tilknyting til Måløy brygge.

Tidlegare Vågsøy kommune gjekk inn avtalen primært for legane som den gangen nytta eigne køyretøy i tenesta. Den føresetnaden har endra seg.

Måløy brygge bygger no om og utvidar med fleire butikkar med til dels tunge publikumsføremål. Dei treng det samla parkeringsarealet.

Med bakgrunn i at føresetnadane for kommunale parkeringsplassar er endra, og ut frå det faktum at kommunen ikkje har plikt til å legge til rette for parkeringsplassar overfor tilsette, vil avtalen om dei sju parkeringsplassane bli sagt opp. Tilsette med arbeidsstad Skramsheim vil då måtte nytte dei ordinære parkeringsordningane i Måløy sentrum.

Kinn kommune har som intensjon å samarbeide med Måløy brygge om å få etablert parkeringsskur for syklar, som også kommunen sine tilsette kan nytte.

Vi vil kome med meir informasjon om iverksetting av ordninga.

Stem gjerne på førehand. I morgon kan du gjere det på kjøpesentra

Stortingsvalet er 13. september, men du kan stemme no.

Dersom du ikkje har høve til å røyste på valdagen 13. september, kan du førehandsrøyste i den kommunen i landet som høver best for deg.

Vi oppmodar om at du nyttar deg av førehandsrøysteperioden, slik at det ikkje blir for store folkemassar på valdagen 13. september.

Førehandsrøystinga i Kinn kommune går føre seg i opningstida 9.00 – 15.00, fram til 10. september, på:

  • Informasjon og service i Florø, Markegata 51 (tenestetorget)
  • Informasjon og service i Måløy, Måløy rådhus, Gate 1 (servicetorget)

Laurdag 4. september kan du røyste ved kjøpesenter i Florø og Måløy, mellom kl. 11.00 – 15.00.

  • AMFI i Florø
  • Måløy Stormarked
  • Måløy Brygge

Søk om heimerøysting
Dersom du på grunn av sjukdom, karantene, isolasjon eller funksjonshemming ikkje kan møte opp og røyste der det vert halde førehandsrøysting, eller ikkje kan møte opp og røyste på valdagen, kan du søkje valstyret om å få røyste heime. 

  • Du kan fram til fredag 10. september kl. 10.00 søke om å førehandsrøyste heime.
  • Du kan fram til 13. september kl. 10.00 søke om å røyste heime på valdagen.

Du ringer valansvarleg på telefon 57 75 60 00 eller sender søknad til: post@kinn.kommune.no

Hekk og busker i Kinn kommune

I desse dagar vert det sendt rundt ein informasjonsfaldar til alle husstandar i kommunen. Den handlar om ansvaret du har med å klippe hekk og busker på eigedomen din. Barn er mjuke. Bilar er harde. Rydding og skjering av busker og tre langs vegen er viktig for å ha eit trygt og oversiktleg trafikkbilde langs vegen og fortauet, i kryss, svingar og avkøyrsler.

I faldaren kan du lese meir om konkrete krav til høgder, mål, form og sikt.

Faldaren er meint som eit varsel om at dersom vegetasjonen ikkje blir halden i forsvarleg stand, kan Kinn kommune få dette gjort på den ansvarlege eigar sin kostnad. Det har vi heimel i veglova til å gjere. Det ønskjer vi sjølvsagt ikkje, men om naudsynt gjer vi det – for å auke trafikktryggleiken for alle.
 

God helg!

Terje Heggheim

Kommunedirektør