Kommunedirektøren sitt fredagsbrev

Illustrasjon av kommunevåpenet til Kinn kommune, med "Kinn kommune" i svart skrift under. - Klikk for stort bilete

Kvar fredag skriv kommunedirektør Terje Heggheim om aktuelle saker i kommunen.

Ryddeplanen er godkjend - Arbeidet med storhall i Florø held fram

Vi har vore usikre om korleis og ikkje minst kva det vil koste å rydde opp ved Litlevatnet etter 100 år med skyting. Det ligg mykje bly i eit stort nedslagsfelt. Vi måtte legge ein plan for å rydde opp i det. Ein plan Statsforvaltaren no har godkjend.

Onsdag denne veka fekk vi melding frå Statsforvaltaren. Der stod det:

Statsforvaltaren gir Kinn kommune løyve etter forureiningslova til tiltak i forureina grunn og til utfylling i Litlevatnet.

Dei seier også noko om føremålet samstundes som dei stiller krav til oss som utbyggar.

Tiltaka skal sikre at omsøkt areal kan nyttast til planlagt føremål, utan at det er uakseptable helsemessige utfordringar knytt til arealføremålet. I løyvet er det kravd tiltak for å minimalisere forureining under grave- og tildekkingsarbeidet. Det er og satt krav til overvaking av avrenning frå området til Litlevatnet under og etter gjennomførte tiltak. Tiltakshavar må føre kontroll med sine utslepp og rapportere til Statsforvaltaren.

Det betyr at vi held fram arbeidet med å realisere ein storhall i Florø. Anbodet på sjølve oppryddingsarbeidet vart lyst ut 1. juli i Doffin.

Seks nye reinhaldsoperatørar i Kinn

Denne veka har seks reinhaldarar hatt praktisk eksamen. No ligg resultatet føre. Kinn har fått seks nye reinhaldsoperatørar.

Då vi etablerte Kinn og utforma det arbeidsgjevarpolitiske dokumentet sa vi at vi vil styrke den faglege kompetansen i alle ledd i organisasjonen. I førre veke skreiv eg om den omfattande kompetansehevinga og leiarutviklinga i helse og velferd. Vi må sjå begge meldingane som ein del av den samla kompetanseutviklinga i kommunen.

Vi gratulerer dei nye reinhaldsoperatørane med bestått eksamen, og takkar for at de på denne måten bidrar til ein enno meir kompetent organisasjon.

Leiarsamling 26. og 27. august i Kalvåg

Endeleg kan vi samle tenesteleiarar og andre leiarar i kommunen. Dersom alt går etter planen og pandemien ikkje set ein stoppar, vil vi gjennomføre ei leiarsamling i Kalvåg 26. og 27. august. Vi jobbar no med programmet og vil sende det ut seinare.

Å byggje ein ny kommune er krevjande. I eit halvanna år der vi skulle ha bygd det nye, har vi vore hindra i å kunne møte kvarandre. Det har påverka oss i å finne neste praksis. På fleire felt har vi lukkast, men vi har framleis ein veg å gå.

Difor er det både kjekt, men ikkje minst naudsynt å samle leiarane i Kinn for å starte opp att arbeidet med å byggje organisasjonen vidare.

Samlinga vil sjølvsagt skje innanfor dei føringane kommunestyret har fastsatt for denne type samankomster.

Siste fredagsbrev før ferien

Dette er siste fredagsbrev før sommarferien. Eg takkar alle for god innsats så langt i året som no er halvvegs.

Takkar også dei folkevalde for eit godt samarbeid. Kommunestyret har handsama 105 saker så langt i år. I tillegg kjem sakene i utvala og formannskap.

Alle tilsette kan vere stolte over korleis vi har handtert drifta i ein krevjande situasjon. Rosen får vere den kjensla eg håper vi alle får – no når vi etter kvart opnar opp att. Tusen takk!

Eg ønskjer alle god sommarferie! God sommar til dykk alle!

Terje Heggheim
Kommunedirektør