Kommunedirektøren sitt fredagsbrev

Illustrasjon av kommunevåpenet til Kinn kommune, med "Kinn kommune" i svart skrift under. - Klikk for stort bilete

Kvar fredag skriv kommunedirektør Terje Heggheim om aktuelle saker i kommunen.

Ingen, absolutt ingen bustadlause i Kinn

No er eg stolt – igjen! Vi har ingen bustadlause i kommunen vår. Tidlegare hadde vi det. I 2016 var det 12 bustadlause i Flora. Onsdag la Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid ut ein artikkel om korleis Kinn har arbeidd målretta med utfordringane.

Eg trur eg veit kvifor vi har fått det til. Dyktige medarbeidarar i eitt kommunalt bustadkontor.

Dei tilsette arbeider aktivt med det bustadsosiale arbeidet. Det handlar både om ei god bustadforvalting og ei tett oppfølging av brukarane. Det siste skjer innanfor eit konsept som vert omtala Housing First. Av og til treng nokon hjelp og trening i det å bu.

Den 14. juni vart det halden ein nasjonal konferanse om temaet. Der heldt tenesteleiar for bustadkontoret vårt, Gjermund Veka eit innlegg om korleis Kinn arbeider på feltet. Vi har samarbeidd blant andre med Husbanken. På konferansen innleia også avdelingsdirektør for kommune og marknad i Husbanken Vest, Lars Marius Ulfrstad med:

«Kinn kommune har i dag null bostedsløse. Kommunen har jobbet systematisk over tid med blant annet rus, psykiatri og bostedsløshet, og har utviklet det boligsosiale feltet på en imponerende måte.»

Kinn kommune har over 400 bustader. Tidlegare vart dei leigd ut til ulike kommunale einingar. Med eitt bustadkontor er det dei som har ansvaret både for bustadane og dei som bur der. Då vert det ikkje byråkrati mellom dei kommunale tenestene, men eit bustadkontor med fullt fokus. Det har dei sanneleg hatt. Andre kommunar søker kunnskap hos oss om denne måten å organisere arbeidet på. Vi stiller gjerne opp.

Takk til Kinn bustadkontor for ei fantastisk måloppnåing.

Kinn med i nytt NAV-prosjekt

NAV region Sunnfjord har starta eit interkommunalt utviklingsprosjekt. Prosjektet går ut på å betre samarbeidet mellom NAV og bedriftene i Sunnfjord, Kinn, Høyanger, Hyllestad, Askvoll og Fjaler. Målet er fleire innbyggarar i arbeid og meir arbeidskraft til bedriftene. 

Styringsgruppa til prosjektet består av kommunedirektørane i alle seks kommunane og leiinga i NAV Vestland. Kommunedirektørane er opptekne av at arbeidslivet slit med å få nok arbeidskraft innan fleire bransjar i regionen. Samstundes er mange innbyggarar ute av arbeid i lang tid på grunn av helseplagar, og fleire fell ut av arbeidslivet for godt. Det er potensial for å jobbe meir heilskapleg på desse områda. Dette gjev også betre vilkår for inkludering av utsette grupper, som til dømes ungdom. 

I haust og vinter har prosjektet henta inn informasjon frå dei tilsette, arbeidsgjevarar, sjukmelde og tiltaksbedrifter. Funna viser at det er behov for å byggje eit meir robust system for å sikre likeverdige tenester til innbyggarane, og systematisk bruk av treffpunkt mellom NAV og bedrifter for å fremje nærværsarbeid og inkludering. 

Som ei løysing på dette har styringsgruppa beslutta å prøve ut ein ny modell for sjukefråværsoppfølging i regionen, som vil bestå av eit dedikert team med tilsette frå fleire NAV-kontor. Teamet vil følgje ein arbeidsmetode med tidleg innsats i oppfølginga av både den sjukmelde og arbeidsgjevar. Frå hausten 2021 vil ein teste ut modellen. Prosjektet varer ut 2022. 

Runa Nybakk vert konstituert som kommunalsjef for oppvekst og undervisning

Med verknad frå 1. august i år vert Runa Nybakk konstituert som kommunalsjef for oppvekst og undervisning. Ellen Jåvold skal som kjent over i ei anna stilling utanfor kommunen.

Runa Nybakk kjem frå Raudeberg og har i mange år vore rådgjevar på barnehagefeltet, først i Flora og seinare i Kinn. Runa vil vere konstituert inntil det er gjort fast tilsetting i stillinga. Eg ønskjer Runa lykke til med spennande utfordringar.

Kinn fekk nærare 16 millionar kroner til breiband

I førre fredagsbrev fortalde eg at kommunen vår kunne få nesten 16 millionar kroner til breiband. No er det avklart. Vi fekk det. Saka vart handsama i Hovudutval for næring i går. Der vart tilrådinga frå administrasjonen vedteken. Vi takkar sjølvsagt – og går vidare i arbeidet med å lime Kinn sine innbyggarar tettare saman.

God helg til dykk alle!

Terje Heggheim
Kommunedirektør