Kommunedirektøren sitt fredagsbrev

Illustrasjon av kommunevåpenet til Kinn kommune, med "Kinn kommune" i svart skrift under. - Klikk for stort bilete

Kvar fredag skriv kommunedirektør Terje Heggheim om aktuelle saker i kommunen.

For eit besøk - eit minne for livet!

I går vitja kongeparet Florø. Tåka var tett og regndråpane mange, men det vart ei minneverdig og flott vitjing. Avisene har skrive om programmet og dekka det godt. I går takka ordføraren gjennom Firdaposten alle innbyggarane som tok del. 

Kongeparet ville vite meir om korleis Kinn har opplevd og løyst utfordringane i ei tid med pandemi. Det synast eg vi fekk til på ein god måte. Kommuneoverlege Jan Helge Dale fortalde om korleis vi har levd i ei tid med smitteutfordringar, og at det kan ta lengre tid å opne samfunnet enn det gjorde å stenge det.

Vi klarte med kultur frå Kinnaspelet å fortelje kva avlysingar faktisk betyr. Eit spel som hadde nådd 37 framsyningar, utan to avlyste dei to siste åra. Gustav Johan Nydal inviterte dei kongelege til neste års spel.

Å eg veit meg eit land – gir tonar til ord som land og band, høgfjell og fjord, snø og sjø, hjarte og heim. Vi syng om det som lim oss i hop til eitt folk. Det å vere blant dei fyrste som gjer det i eit nyopna kongerike, vart kjensleladd.

Takk til alle skular og barnehagar som gjorde køyringa rundt Florelandet til ei stor oppleving.

Takk til alle som har vore med i planlegginga av kongeparet sitt besøk. Alle!  Vi måtte gå nokre ekstra runder både med slottet og Statsforvaltaren om detaljar. Programmet var både godt planlagt og gjennomført. Eg vil også seie, i lys av alt som har skjedd sidan mars 2020; det vart rett!

Takk til dykk alle!

Tre millionar kroner til kompetanseutvikling i helse og velferd

Helse og velferd har fått i overkant av tre millionar kroner i kompetanse og innovasjonsmidlar frå Statsforvalteren.

Kinn har mange som tek ulike utdanningar. Over 140 personar i sektoren er no på skulebenken, i tillegg til sjølve arbeidet dei har i kommunen. Snakk om innsats!

46 tilsette tek helsefagarbeidarutdanning. Det er 18 som tek vidareutdanning i eldreomsorg/demens og rus/psykisk helsearbeid og kreftomsorg.

48 tilsette tek sjukepleiar/vernepleiarutdanning som har tilknyting til helse og velferdstenestene. Det kan vere at dei har faste helgestillingar under studietida si, og dermed får stipend frå kommunen.

23 personar skal ta til på leiarutdanning innanfor helse og velferd.

Dette lover godt for kompetansen i helse- og velferdstenestene i framtida. Det er sjølvsagt godt jobba av dei som har utarbeidd søknaden som gjer til at Statsforvaltaren kjem med ei slik tildeling til Kinn.

Kinn kan få nærare 16 millionar kroner til breiband

Tidlegare i vår sende vi søknad til Vestland fylkeskommune om midlar til breiband. Fylkeskommunen skal tildele om lag 27 millionar kroner til føremålet. No ligg administrasjonen si utgreiing og innstilling føre. Der kan vi lese at dei tilrår politikarane i fylket å tildele Kinn kommune nærare 16 millionar kroner.

Vi har delt søknaden i tre pakkar/område, og dei vi kan få midlar til no er:

Pakke 1:
Nyttingnes/Sandvika, Alværn, Eikevik, Langedalen, Svarthumle/Ramsdal, Leversund, Grovaneset-Kvalvika,Vassetshola, Lykkjebøen, Nordoppedalen/Søroppedalen/Færestranda/Myrestrand/Gravdal, Kråkeneset.

Pakke 2:
Nordalsfjorden/Sunndalen, Straumneset, Grøndalen, Sørpollen/Straumen, Almenning, Vemmelsvika og Raudegga.

Pakke 3:
Årebrot/Seljestokken, Husefest – Breivik, Husevåg, Osmundvåg/Ura/Hagevik/Saltkjelen, Tytningevåg, Ramsevika, Gangsøya, Skavø.

Saka skal til handsaming i hovudutval for næring torsdag i neste veke. Alle søknadane er vekta i høve ei rekke ulike kriterier. Kinn sin søknad vert rangert høgst.

Eg vil rette ei stor takk og gi ros til arbeidsgruppa som har utforma søknaden vår. Takk til Jeikishan Jegathesan, Bjørn Roger Rasmussen og Arve Klokk. Så ventar vi i spenning på utvalet si handsaming av saka.

Ny statleg arealnorm kan endre kontorbruken i Kinn

NAV sin leigeavtale i Firdavegen 1 i Florø er under revidering. Kommunen og NAV er i tingingar med huseigar om ny avtale. NAV har vore i lokala dei siste ti åra. No har staten kome med ny norm for kontorareal. Der går dei ned i tal kvardatmeter for kvar tilsett. Det ligg ingen reduksjon i talet på tilsette i det.

Samstundes går nokre av kommunen sine andre leigekontraktar snart ut. Då må vi sjå om vi kan nytte frigjorde areal i Firdavegen 1 (Sunnfjord medisinske senter). Vi har tenester det kan vere gunstig å ha samlokalisert der. Då tenker eg spesielt på barnevern og pedagogisk-psykologisk tenester (PPT).

Eg vil difor kartlegge kva vi kan hente av effektar av ei slik kontorflytting. Vi vil vurdere økonomiske, så vel som organisasjonsmessige, og faglege sider ved å gjere det. Dei aktuelle tenestene er informert om arbeidet som vert leia av rådgjevar eigedom Vidar Vårdal. 

Til sjuande og sist er det dei folkevalde som eventuelt tar stilling til ei flytting.

Folkemøte om Skram skule 31. august

Tysdag vedtok kommunestyret å greie ut to alternativ for ein ny Skram skule. Det eine alternativet handlar om at all bygningsmasse skal vere nytt. I det andre alternativet ser vi på om vi kan gjenbruke den bygningsdelen som er frå 1920 talet. 

Som del av utgreiingsarbeidet ønskjer vi di meining. Difor vert det invitert til folkemøte i Måløy 31. august i år. Der vil vi orientere om utgreiinga og dei to ulike alternativa. Vi kjem med eigen invitasjon seinare i sommar.

Vi leverer på plan

Plan, miljø og næringsutvalet skal ha møte 21 juni. Der blir det lagt fram ein rekke plansaker. Dei er resultat av både stor aktivitet i næringslivet, og kommunen si eiga overordna planlegging. Planane legg til rette for byutvikling, næringsliv og utvikling av gode lokalsamfunn med meir.

Spesielt gledeleg er det å leggje fram områdereguleringsplan for Måløy sentrum. Den har både Vågsøy kommune og no Kinn arbeidd med. Her blir grunnlaget for utvikling av Måløy sentrum lagt. Kommunen har no 26 private reguleringsplanar inne til handsaming. Dei er på ulike stader i prosessen. Dei dokumenterer ein stor og positiv aktivitet i lokalt næringsliv.

Fakturering eigedomsskatt

Eigedomsskatten for 1. og 2. termin vert no fakturert.

Kommunestyret har vedteke at dei som har behov for betalingsutsetjing kan få inntil 4 månader. Søknad om utsetjing sendast på epost til: skatt@kinn.kommune.no.

Søknad må sendast innan forfallsdato på faktura. Gjev opp kundenummer, fakturamottaker og gnr/bnr som er oppgitt på fakturaen.

Spørsmål om eigedomsskatt rettar du til eigedomskattekontoret.


God helg til dykk alle!

Terje Heggheim
Kommunedirektør