Kommunedirektøren sitt fredagsbrev

Illustrasjon av kommunevåpenet til Kinn kommune, med "Kinn kommune" i svart skrift under. - Klikk for stort bilete

Kvar fredag skriv kommunedirektør Terje Heggheim om aktuelle saker i kommunen.

Barnehagar og skular går til grønt beredskapsnivå

Som de veit; i går vedtok beredskapsleiinga at skular og barnehagar frå førstkomande måndag går til grønt nivå. Vi gjer det etter ei vurdering av smittesituasjonen i kommunen. Vi har ingen smitte i dag. Samstundes vert samfunnet gradvis opna opp att. Fleire vert vaksinerte.

Ei opning kan medføre at vi kan få smitte. Det vil ikkje medføre ein automatisk overgang til eit høgare beredskapsnivå, men vil utløyse umiddelbare tiltak i høve smittesporing og eventuell karantene. Gjennom det siste halvanna året har vi fått røynsle med slikt arbeid. God røynsle. Beredskapsleiinga i Kinn vil sjølvsagt vurdere situasjonen fortløpande i høve naudsynte tiltak i kommunen generelt, og oppvekstsektoren spesielt.

Alle tilsette i skular og barnehagar kan no sjå fram til noko positivt. Dersom eg ser tilbake på tida frå 12.mars i fjor, vert eg stolt av dykk. Vi har hatt nokre få smitteutbrot. Saman med kommuneoverlegen har de slått dei ned med ein gong. Det kan skje igjen, og eg føler meg trygg på at de vil takle det like godt.

Takk for ein strålande innsats i ei tid med tilpassa drift. Berre for ordens skuld; tenk hygiene, skjerm host og nys, og hald deg heime om du er sjuk, eller har symptom på det. Lykke til!

1,5 millionar kroner til miljøvenlege innkjøp

Innkjøpsavdelinga har søkt og fått 1,5 millionar kroner frå Miljødirektoratet for tilsetjing av ein person i eit 2-årig miljøprosjekt. Dette for å identifisere klimatiltak i anskaffingane og auke fokuset og kompetansen, til kommunane som deltek i innkjøpssamarbeidet og innkjøpsavdelinga i Kinn. Slik kan anskaffingane bli meir berekraftige. Ved å stille krav til klimaløysingar i innkjøp kan kommunane bidra til utsleppskutt og omstilling til lågutsleppssamfunnet i marknaden. Det er planlagt at personen skal arbeide tett opp mot prosjektavdelinga for å kunne gjennomføre prosjekta på ein mest mogleg berekraftig måte.

150 000 kroner til utvikling av biblioteka

Hovudutval for kultur, idrett og integrering i Vestland har i møte den 25. mai fordelt 650 000 kroner til utvikling av folkebiblioteklokale i Vestland fylke. Kulturavdelinga i Kinn kommune søkte, og fekk tildelt heile 150 000 kroner av desse.

Midlane skal nyttast til prosjektet med meirope bibliotek, noko vi tek sikte på å starte opp med i løpet av hausten. Då vil vi kunne tilby innbyggjarane eit meir fleksibelt bibliotektilbod, der det vil vere mogleg ved hjelp av lånekortet å få tilgang til biblioteket utanom ordinær opningstid.

Startar arbeidet med to store temaplanar

No startar arbeidet med to store temaplanar. Vi skal sjå 12 år framover i oppvekstsektoren og innanfor helse og omsorgstenestene.

Temaplanane legg dei strategiske føringane og prinsippa for tenesteutvikling på områda for åra 2022-2034. Planane skal bidra til meir heilskaplege tenester. Dei skal seie meir om bærande prinsipp for mål, strategiar og tiltak er førebygging, tidleg intervensjon, samhandling og koordinerte tenester. 

I planperioden vil Kinn kommune oppleve folketalsnedgang og færre fødde barn. Det skjer i kombinasjon med at det vert ei kraftig auke blant seniorane i kommunen. Det må planarbeidet ta innover seg.

Dei to temaplanane skal byggje på kommuneplanen sin samfunnsdel og sette retning etter den. Vi må finne gode strukturar på sektorvise oppgåver, og oppgåver som krev samhandling med andre aktørar. 

Det er og eit mål med planen å finne effektive løysingar som tek i vare god kvalitet på tenestene - samtidig som krav om innsparingar vert effektuert.

Rammene for planarbeidet skal først til handsaming i dei faste utvala. Det skjer i neste veke. Deretter skal dei til handsaming i formannskapet 8. juni, og til kommunestyret veka etter.

God helg til dykk alle!

Terje Heggheim
Kommunedirektør