Kommunedirektøren sitt fredagsbrev

Illustrasjon av kommunevåpenet til Kinn kommune, med "Kinn kommune" i svart skrift under. - Klikk for stort bilete

Kvar fredag skriv kommunedirektør Terje Heggheim om aktuelle saker i kommunen.

Synergieffektar av samanslåing

Teknisk har ansvar for dei kommunale vegane, vatn og avløp, formålsbygg, samt parkar og grøntareal. 

Tenesta opplever gode resultat ved utnytting av ressursar og kompetanse på tvers. Det vere seg erfaringsutveksling, deling av spesialkompetanse innanfor drift og prosjekt, felles innkjøp, utveksling av utstyr med vidare.

Der ein tidlegare har måtte søke ekstern bistand for å finne den rette kompetansen, har vi no i mange høve denne kompetansen internt. Det same gjeld på utstyrssida. 

Den samla bemanninga innanfor tenesteområdet er redusert etter 2020, men til tross for dette meinar vi å kunne levere tenester samla sett på eit høgre nivå enn tidlegare.

Gate 1 prosjektet startar opp

Det er politisk vedteke å skifte ut vass- og avløpsleidningar i Gate 1 i Måløy. Samstundes skal den kommunale delen av gata få ei markant oppgradering. Dette er eit prosjekt som vi ser særleg fram til, og som vil gje sentrum av Måløy eit stort løft. 

Kinn kommune har denne veka hatt oppstartsmøte med Norconsult som skal stå for detaljprosjektering. 

Ut over hausten vil det pågå planlegging. Medverknad frå berørte partar langs Gate 1 er avgjerande for ei smidig gjennomføring av prosjektet, og eit endeleg resultat som alle kan vere nøgde med. 

Om alt går etter planen vil fysisk oppstart vere våren 2022.  

Miljøvenleg asfaltering av Strandgata

Strandgata i Florø vil få nytt asfaltdekke før sommaren. Her vert det lagt ned såkalla «miljøasfalt». 

Miljøasfalt er nyleg utvikla, og nyttar bindemiddel basert på miljøvennlege alternativ i staden for bindemiddel basert på fossil råolje. 

Kvaliteten på asfalten er minst like god som tidlegare. På landsbasis er det etter innføring av miljøasfalt, estimert at ein kan kutte opp mot 80% av dagens utslepp av klimagassar knytt til asfaltproduksjon. 

Kinn med Loopfront-løysing

Kommunen har kjøpt lisens for delingsplattforma Loopfront. Den skal vi bruke i alle dei nye byggeprosjekta vi er i gang med, og syte for ombruk av byggematerialar og møblar i bygg vi flyttar frå, eller som skal rivast. 

Dette vil redusere avfallsmengdene i prosjekta, samstundes som kommunen sparar pengar og reduserer klimafotavtrykket. Fleire av leiarane i barnehagar og skular har fått brukarrettar, og kartlegging for fleire prosjekt er i gang.

Fyrst ute er Skram skule og Nepjarhaugen barnehage. Vi kjem til å lyse ut ein sommarjobb for student til å ta størstedelen av kartleggingsjobben med å få møblar og materialar registrert. Miljørådgjevar og innkjøpsavdelinga har ansvaret for arbeidet med programløysinga. 

God helg til dykk alle!

Terje Heggheim
Kommunedirektør