Kommunedirektøren sitt fredagsbrev

Illustrasjon av kommunevåpenet til Kinn kommune, med "Kinn kommune" i svart skrift under. - Klikk for stort bilete

Kvar fredag skriv kommunedirektør Terje Heggheim om aktuelle saker i kommunen.

Ein million kroner til aktivitetstilbod og besøksvert

I førre fredagsbrev skreiv eg om at vi fekk over 670 000 kroner til tre ulike tiltak retta mot ungdom og sommar.

Tidlegare i veka fekk vi to ny hyggelege meldingar frå staten og statsforvaltaren.

Vi søkte om midlar til eit tiltak for å oppretthalde aktivitet og sosial kontakt slik at eldre som har langtidsopphald i institusjon og omsorgsbustad med heildøgers bemanning får aktive og meiningsfulle kvardagar, gode opplevingar og sosial kontakt med sine næraste. Vi fekk ein million kroner til det.

Det kjekke er at statsforvaltaren i tildelingsbrevet skriv; «tilskotet er tildelt dei tiltaka som Statsforvaltaren har størst forventningar til.» Det tek vi som eit kompliment.   

625 000 kroner til å motverke einsemd

Så søkte vi også om midlar til ei tiltakspakke for sårbare eldre som har vorte hardt råka av koronapandemien. Vi ønskjer å legge til rette for meir aktivitet og sosial deltaking for eldre og seniorar som bur i eigen heim eller omsorgsbustad.  Vi fekk 625 000 kroner til dette arbeidet.

Eg minner om at Kinn kommune vart vinnar av Leve heile livet-prisen 2020.  Då vart det blant anna vist til det arbeidet vi gjer overfor seniorane i kommunen.  Med dei to tildelingane vi har fått no, kan vi få til enda meir overfor denne målgruppa.

Det er Jorunn Bakke Nydal som har søkt på vegne av kommunen og det er ho som vil vere prosjektansvarleg, og sjå til at vi får mest mogeleg ut av kronene.  Vi takkar Jorunn for gode søknader og ønskjer alle i prosjekta lukke til med arbeidet.

God 17. mai til alle – ja, det vert flagga på rådhusa!

Då går vi inn i det vi tradisjonelt kallar ei langhelg. Nasjonaldagen er på måndag og også i år vert det ei tilpassa feiring grunna pandemien. Eg føler meg trygg på at vi vil gjere det beste ut av den, sjølv om det må bli på ein spesiell måte i år også. 

Det har vore skrive litt om manglande flagging på tidlegare flaggdagar no i mai. Vi tek kritikken som har kome, og ser at det å spare pengar på flagging – ikkje er det rette å gjere. Det vil ikkje skje igjen, og det vil bli flagga som normalt på rådhusa både i Florø og Måløy heretter. Det gjeld sjølvsagt på den komande nasjonaldagen også.

God helg og god 17. mai til dykk alle!

Terje Heggheim
Kommunedirektør