Kommunedirektøren sitt fredagsbrev

Illustrasjon av kommunevåpenet til Kinn kommune, med "Kinn kommune" i svart skrift under. - Klikk for stort bilete

Kvar fredag skriv kommunedirektør Terje Heggheim om aktuelle saker i kommunen.

Kinn kulturskule i stortingsmelding om kulturskulane

I 2018 bestemte dei å kome med ei stortingsmelding om barne- og ungdomskultur – og for ein styrka kulturskule. No er ho komen. Den stadfestar kulturskulane si verksemd som del av opplæringslova.

I meldinga vert tre kulturskular i Vestland omtala som gode døme. Ein av dei er Kinn kulturskule. Det er spesielt tilbodet vårt til barn i SFO som vert trekt fram.

Rektor Arne Sunnarvik i Kinn kulturskule seier at det er ei stor påskjøning for kulturskulen vår, og arbeidet dei tilsette gjer. Med denne meldinga vert kulturskulane tekne på alvor, også i samarbeidet med dei andre tenestene i kommunen.

Alle vi andre er glade for at Kinn kulturskule vert omtala på denne måten, og gratulerer dei med å bli nytta som døme i overordna nasjonale styringsdokument.

440 000 kroner til tiltaket «Ferie og opplevingar er gull verdt»

I førre veke fekk vi eit par hyggelege meldingar frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir).

Først fekk vi 440 000 kroner til «ferie og opplevingar er gull verdt». Då vil vi redusere sosiale skilnader ved å ha ferietilbod i helgar og skuleferiar. Vi vil sørge for at barn og unge i lavinntektsfamiliar har eitt eller fleire tilbod som inviterer til fysisk aktivitet, leik og sosialt samvær i aldersgruppa – primært innanfor allereie etablerte tilbod og arenaer.

I Måløy og Florø vil vi legge til rette for deltaking på 16 gratis aktivitetar for barn og unge – hovudsakeleg i feriar, men også som helgetilbod. Det vil gi om lag 200 barn tilbod i feriane, og 20 familiar vil få tilbod om ei feriehelg.

150 000 kroner til «opne møteplassar for alle»

Her vil vi redusere sosiale skilnader med å tilrettelegge for gratisarrangement og fellesaktivitetar gjennom heile året, også i feriane. Dette skal vi gjere ved at om lag 1750 personar skal få tilbod om gratis fellesaktivitetar i Kinn kommune.

Aktivitetane skal gjennomførast av frivillige organisasjonar eller gjennom kulturelle institusjonar.

Frivilligsentralane i Kinn skal vere ein tilretteleggar for å koordinere, rekruttere, informere og synleggjere tilboda i samarbeid med tenestene i kommunen og frivillige organisasjonar.

80 000 kroner til «Ungdom jobbar for ungdom»

Vår gode ungdomsleiar Carina Takle-Hillersøy fekk nett melding om at vi har fått midlar frå Gjensidigestiftinga til eit sommarjobbprosjekt.

Ungdomshuset Haffen får 80 000 kroner frå Gjensidigestiftinga si støtteordning «Gode sommeropplevelser for barn og unge». Med prosjektet «Ungdom jobbar for Ungdom» ønskjer vi å nytte midlane til både å gi ungdom sommarjobb, og skape aktivitetar i sommarferien.

Vi vil gi sommarjobb til 8 ungdommar. Dei skal lage arrangement for ungdom i ei heil veke. Ungdommane vil få i oppgåve å planlegge og organisere dagane, drive med PR, servere mat, ordne med transport, passe på smittevern m.m.

Kulturavdelinga med nytt digitalt tilbod

Kulturavdelinga i Kinn lanserer no eit digitalt bookingsystem.  No kan du gå på www.bookup.no (søk på Kinn) og leige alt frå gymsalar, skytebaner, fotballbaner, kulturhus, grendehus med meir - heildigitalt.

Her finn du tider der dei aktuelle leigeobjekta er ledige. Kalendaren vert oppdatert automatisk. Du kan betale leiga med kort. Her finn du også all informasjon om det du kan leige, også eventuelle tilleggstenester.

Lag og organisasjonar i Kinn kommune kan bruke verktøyet til å leige ut sine lokale – kostnadsfritt. Kulturavdelinga stiller gjerne opp med hjelp til oppsett og klargjering slik at de får leigeobjekta inn i systemet.

God helg til alle!

Terje Heggheim
Kommunedirektør