Kommunedirektøren sitt fredagsbrev

Illustrasjon av kommunevåpenet til Kinn kommune, med "Kinn kommune" i svart skrift under. - Klikk for stort bilete

Kvar fredag skriv kommunedirektør Terje Heggheim om aktuelle saker i kommunen.

Kjernejournal

Kjernejournal er ein enkel og sikker samhandlingsløysing for helse- og omsorgssektoren som gjev rask tilgong til vesentlege helseopplysingar om pasienten. No er vi i gang med å å innføre kjernejournal i Kinn kommune. Fire tenester deltek som pilotar i innføringa.

I kjernejournalen er pasienten sine helseopplysingar samla frå ulike offentlege register. Helsepersonell som er autorisert for oppslag i kjernejournal vil kunne gjere oppslag gjennom eige system i helse- og omsorgstenestene.

Alle sjukehus og legevakter har innført kjernejournal. Alle innbyggarar i Noreg har tilgong til eigen kjernejournal gjennom nettstaden helsenorge.no. Sjekk din eigen?

Klart språk

Om lag 50 leiarar og tilsette deltok på kurs i klarspråk på onsdag. Vi skal bli betre på kommunikasjon med våre målgrupper. Ikkje berre fordi det er i ferd med å bli eit lovkrav som del av ein ny forvaltningslov, men også fordi vi ønskjer det. Eg håpar alle som deltok på kurset fekk inspirasjon til å arbeide med eige språk, og forbetre måten organisasjonen kommuniserer på i sin heilskap.

Folkemøte i Stavang og Steinhovden

I går var det folkemøte i Stavang og Steinhovden om skulestrukturen. Som venta møtte vi både engasjement og argument for at skulane ikkje burde leggast ned. Foreldre, tilsette og skulen sine samarbeidsorgan framførte deira syn i saka.

Det vart heilt klart gjeve uttrykk for ein frustrasjon rundt prosessen. Det kan eg forstå. Skulebruksplanen kom langt seinare til handsaming enn ønskjeleg. Det påverka den vidare prosessen. Det har gjort både den administrative og politiske oppfølginga vanskelegare. Det same gjeld for medverknaden. Utsetting av høyringsfristen har tent innspelfasen, men påverkar negativt prosessen rundt ei god gjennomføring av eit eventuelt nedleggingsvedtak. Det trur eg både dei folkevalde og administrasjonen fekk med seg. Det er noko vi må ta inn over oss i dei vidare vurderingane.

Vaksinering

Vaksinering av innbyggarar og kritisk helsepersonell over 65 held fram. Konsekvensen av den mellombelse stoppen i AstraZeneca vaksinen, er at det blir ein utsetting i vaksinasjon av helsepersonell under 65. Men der er vi godt i gang, av helsepersonell på institusjon og i heimeteneste er dei fleste ferdigvaksinert, eller har fått fyrste dose.

For veke 12 og 13 får Florø om lag 600 doser tildelt. Dei tilbyr vi til innbyggarar over 70 år og helsepersonell over 65 år.

Påskeveka blir den veka kommunen vi får flest doser. Elektronisk timebok er allereie lagt ut på legekontoret si side.

Veke 14, veka etter påske, er det varsla frå Statsforvaltaren at kommunen får mange doser med vaksine, men ikkje kor mange. Dei dosane går til Måløy.

Eigedomskatt

Utskriving av eigedomskatten har vore mykje omtalt i det siste. Formannskapet sat ned promillesatsen for bustad- og fritidseigedomar frå 4 til 3,5 promille.

Den siste veka har vi registrert at avvika no fordeler seg meir likt mellom bustad- og fritidseigedomar og næringseigedomar. I går sendte vi ut detaljgrunnlaget for takst og skatt. Då får alle betre grunnlag til å sjå om dei vil kontakte oss for å rette opp eventuelle feil, eller ønskjer andre avklaringar rundt det vi har registrert om eigedomane og skatteobjekta.

I går sendte vi også ut ei sak til kommunestyret i neste veke. Der tilrår vi ein ytterlegare reduksjon i promillesatsen. Vi tilrår at satsen for bustad- og fritidseigedomar vert 3,3 promille og 5 promille på næringseigedomar. Desse reduksjonane vil bidra til at dei samla inntektene av skatten kjem nærare budsjettvedtaket på 79,5 millionar.

Du kan lese meir om dette i saka som ligg i møteplanen vår.  

God helg!

Terje Heggheim
Kommunedirektør