Kommunedirektøren sitt fredagsbrev

Illustrasjon av kommunevåpenet til Kinn kommune, med "Kinn kommune" i svart skrift under. - Klikk for stort bilete

Kvar fredag skriv kommunedirektør Terje Heggheim om aktuelle saker som skjer i kommunen.

Prosjektkomité

Ordførar og varaordførar har bede meg om å sjå på korleis vi kan sikre ei sterkare politisk forankring i dei større investeringsprosjekta våre. Det har eg gjort.

No går det ei sak til politisk handsaming om å opprette ein prosjektkomité. Eg ser det som ei styrking av kommunen si kvalitetssikring og framdrift av investeringane.

Eg ønskjer ein god dialog med dei folkevalde om å sikre framdrift i det dei vil. For dei folkevalde vil ein slik komité svare på innspela om auka politisk deltaking i tunge og viktige saker. I den tilrådde modellen vil komiteen ta over formannskapet sine oppgåver.

Ein prosjektkomité gir ikkje ei prinsipiell endring. Vi rapporterer uansett til eit politisk organ. På same vis vil vi ha behov for køyrereglar og fullmakter når prosjekta avviker frå planar og vedtak. Då vil prosjektkomiteen kunne sikre raskare sakshandsaming, og framdrift.

Saka kjem til formannskapet i neste veke og skal til kommunestyret 25. mars.

Eigedomskatten

I går ettermiddag møttes partia sine gruppeleiarar, ordføraren og administrasjonen. Avisene har alt skrive om drøftingane vi hadde i saka om eigedomskatt.

Vi er framleis i ein situasjon der inntektene vert større enn kommunestyret sitt budsjettvedtak. Vi kan ta ned promillesatsen meir enn det formannskapet gjorde sist. Kommunestyret avgjer kor mykje, og korleis dei vil fordele det mellom bustad/fritidseigedomar og næringsbygg.

For meg er det viktig at inntektene av eigedomskatten vert så tett opp mot kommunestyret sitt budsjettvedtak som mogeleg. Då blir skatten rett. Vi må også ha ei sikring for handsaming av klager. Ein buffert.

I neste veke sender vi ut sjølve skattegrunnlaget, detaljane for utrekninga. Vi sender det på Svar ut og du må logge inn på Altinn. Då ser du grunnlaget for korleis vi har rekna ut skatten for kvar eigedom. Du kan bruke grunnlaget når du eventuelt tek kontakt med kommunen.

Eigedomskatten vert ikkje fakturert før desse forholda er avklara. Vi sender ut faktura på dei vanlege kommunale avgiftene i neste veke, men den fakturaen vil ikkje innehalde krav om innbetaling av eigedomskatt.

Semje med iVest Consult AS

Kinn kommune og iVest Consult har kome til semje om avslutting av konsulentoppdraget knytt til administrasjonsbygg i Florø. Kommunen ønskjer ei anna gjennomføring. Selskapet får betalt eit tap på 500 000 kroner. Kinn kommune og iVest Consult AS ser saka som avslutta.

God helg!

Terje Heggheim
Kommunedirektør