Kommunedirektøren sitt fredagsbrev

Illustrasjon av kommunevåpenet til Kinn kommune, med "Kinn kommune" i svart skrift under. - Klikk for stort bilete

Kvar fredag skriv kommunedirektør Terje Heggheim om aktuelle saker som skjer i kommunen.

Eigedomskatten

Siste veka har utskrivinga av ny eigedomskatt fått stor merksemd. Det forstår eg. At skatten ville auke er ikkje ukjend, det vedtok kommunestyret. Vi var også budd på at den ville stige monaleg for enkelte.

Dei siste dagane har vi likevel sett tilfelle og døme på at noko kan vere feil. Det skal det ikkje vere, eigedomskatten skal vere rett. Vi skal vere lojale mot kommunestyret sitt vedtak og målet er å ta inn den skatten som svarar til budsjettvedtaket. Korkje meir eller mindre.

Då formannskapet sat ned skattesatsen for bustad og fritidseigedomar i førre veke, sa eg at det er ein del uklare forhold, spesielt for næringseigedomar. Det gjeld spesielt i tidlegare Vågsøy, men også Flora. Det er feil i matrikkelen (kommunen sitt eigedomregister) og det tar tid å rette dei opp.

Vi vil difor no gå gjennom mykje av materialet. I neste veke vil vi også orientere dei folkevalde om det vi kan seie noko om så langt.

Det er viktig at dei som meiner å ha fått feil skatt, melder frå til eigedomskattekontoret. Det kan hjelpe oss med at grunnlaget vert rett.

For ordens skuld; vi vil ikkje fakturere eigedomskatten før vi er meir trygge på det faktiske grunnlaget.

Hans Majestet Kongens Garde til Florø

I slutten av førre veke fekk eg ei hyggeleg melding. Den kom frå nestkommanderande i Gardekompaniet; kaptein Mads Kollerud.

Garden planlegg ein norgesturné og kjem etter planen til Florø 19. august i år. HMKG musikk og drilltropp står for verdas fremste oppvisningar av drill og musikk. Dei har vunne fleire internasjonale stemne (military tatoo) og er såleis kjende i heile verda.

Kultursjefen har fått i oppdrag å planlegge vidare saman med HMKG. Eg håper verkeleg at pandemien ikkje øydelegg for ei stor kulturoppleving i Florø.

Ung kultur møtast (UKM)

Laurdag 6. mars arrangerer vi UKM Kinn i Florø og Måløy. Det blir både utstilling og sceneshow, og du får sjå den fantastiske ungdomen i Kinn vise sine talent.

I Måløy blir det kunstutstilling på Vågsøy bibliotek med opning kl. 14.30, fredag 5. mars. I Florø blir det kunstutstilling i foajeen på Florø Kulturhus, med opning kl. 14.00, laurdag 6. mars. Begge utstillingane heng i to veker, og de kan sjå dei i biblioteka si opningstid.

Sceneshowa vert gjennomført på Florø Kulturhus og i Nordfjordhallen kl. 15.00 på laurdag 6. mars, begge stader.

Det er lagt ut 100 billettar til publikum, som kan kjøpast på førehand eller i døra, både i Måløy og Florø.

Firdaposten og Fjordenes Tidende strømmar framsyningane, så du som ikkje får deg billett kan sjå ungdomane i aksjon der.

Totalt er det 20 sceneinnslag og 44 kunstverk påmeldt til årets UKM KINN, og vi håpar mange vil ta turen (eller set seg framfor skjermen) for å sjå den flotte ungdomen i kommunen vår.

I pandemiåret 2021 fortener ungdomen at vi ser dei.

Omsorgsinstitusjonar opnar for besøkande igjen frå veke 10

Vi kan med glede melde at dei fleste av våre pasientar no er fullvaksinerte. Det betyr at frå neste veke opnar vi omsorgsinstitusjonane våre for besøkande.

Du kan besøke utan å avtale på førehand. Du treng ikkje skrive deg inn i besøksprotokoll. Og det vil vere mogleg å nytte fellesareal og stover.

Sjølv om vi no opnar opp er det viktig at alle følgjer dei nasjonale retningslinene og tek omsyn til tilsette og andre besøkande som ikkje er fullvaksinerte.

Du må framleis følgje dei nasjonale retningslinene for smittevern og avstand:

  • Hald avstand til andre pasientar/tilsette (1 meter)
  • Hald hendene reine, vaske hender/spritvask ved ankomst
  • Hald deg heime om du er sjuk
  • Hald deg heime dersom du ventar på testsvar
  • Hald deg heime ein karanteneperiode dersom du har vore i ein del av landet med stor smitte
  • Bruk sunn fornuft og ta ansvar
  • Spør om du er i tvil!

Vi er glade for å kunne opne institusjonane våre igjen og ønskjer besøkande velkomen!

God helg!

Terje Heggheim
Kommunedirektør