Kommunedirektøren sitt fredagsbrev

Illustrasjon av kommunevåpenet til Kinn kommune, med "Kinn kommune" i svart skrift under. - Klikk for stort bilete

Kvar fredag skriv kommunedirektør Terje Heggheim om aktuelle saker som skjer i kommunen.

Kinn er no med i Vest-Norges Brusselkontor

Dei folkevalde avgjorde tidlegare at Kinn kommune skulle melde seg inn i Vest-Norges Brusselkontor (VNB). Kontoret er eitt av seks norske regionkontor i Brussel. VNB har som visjon å vere ein effektiv, lett tilgjengeleg, kjent og nyttig reidskap til å fremme medlemane sine interesser, og å markere Vest-Norge som ein region med felles økonomiske og kulturelle band.

Kontoret er eigd av ei eiga foreining. Det er 15 kommunar med i dag. I vår region er Fjaler, Gloppen, Høyanger og Sunnfjord blant andre med. Fylkeskommunen er også medlem. 

Hjarteleg velkommen som medlem, det er kjekt at Vest-Norges Brusselkontor no også representerer Kinn kommune heilt spesifikt. Kinn har mykje å by på i ein internasjonal kontekst, og viktige interesser å ivareta, skriv dagleg leiar Merete Mikkelsen i si velkomsthelsing til Kinn.

Kommunestyret vil få ei orientering frå VNB i eit av sine første møter. Så vil det vere naturleg at dei folkevalde legg ein plan for korleis vi vil utøve medlemskapen vår, og korleis vi kan dra nytte av den i vår eiga samfunnsutvikling.

Tilbod om rettleiing til foreldre i Kinn kommune

Når vi avgjer korleis vi skal organisere arbeidet i Kinn, er førebygging og tidleg innsats eitt av sju viktige prinsipp vi legg til grunn.

Familiehjelpa i Kinn er eit ressursteam som kan bidra med støtte og rettleiing til familiar som på ulike måtar strevar i høve barna sine.Tilbodet inneheld rettleiing individuelt til enkeltpersonar/ i par, i gruppe frå 6-8 personar, tilbod til barn og ungdom, og rettleiing til tilsette i barnehage/skule. Ein sentral del av tiltaka som Familiehjelpa har, er dei ulike TIBIR modulane.

Tilbodet som Familiehjelpa gjev, er lett tilgjengeleg med kort ventetid, er gratis- og lokalisert i sentrum av både Måløy og Florø. Ein treng ikkje tilvising frå andre for å få hjelp frå Familiehjelpa. Vil du vete meir kan du lese om tilbodet her.

Knut Reidar Christiansen og Roger Strømmen nye avdelingsleiarar

Vi gjennomfører no endringar i organisasjonen innan prosjekt, eigedom og forvalting av formålbygg. All forvalting av formålsbygg vert lagt under tenesta for tekniske driftstenester der Frode Ellingsund er tenesteleiar. 

Roger Strømmen vert ny avdelingsleiar for formålsbygg i Florø. Han har utdanning som byggmeister og lang erfaring som driftstekniker for formålsbygg. 

Knut Reidar Christiansen vert avdelingsleiar for formålsbygg i Måløy. Han har fram til no hatt ansvar både som prosjektleiar og som avdelingsleiar. 

Eg ønskjer Roger og Knut Reidar lykke til med nye utfordringar. 
Vi kjem med meir informasjon i neste veke. Både til tilsette og alle andre.

Heimeside med ny utsjånad

Vi har no hatt eitt år med ny heimeside for kommunen. Den har vore evaluert kontinuerleg igjennom det første driftsåret, og vi har sett behov for endringar for å gjere innhaldet betre for alle – deg inkludert. Dei neste vekene vil du sjå at sida har forandra seg. Det blir eit tydelegare fokus på konkrete tema. Det blir lettare å finne sjølvbeteningsløysingar, tenesteinformasjon og informasjon om korleis vi driftar kommunen. 

Kommuneorganisasjonar er komplekse på mange måtar. På heimesida prøver vi likevel å gjere det enkelt og oversikteleg. Vi håpar du vil oppleve at informasjonen om tenestene blir betre. Meld gjerne frå til oss.

Samarbeid i Sunnfjord tilrår nytt regionråd

Eg har tidlegare skrive om arbeidet med eit nytt regionråd der heile 10 kommunar kan bli med i samarbeidet. Eit nytt regionråd har arbeidstittelen Fjordane interkommunalt politisk råd. I går var det møte i Samarbeid i Sunnfjord (SiS) og dei slutta seg til at arbeidet skal halde fram. SiS er samarbeidet mellom kommunane Sunnfjord og Kinn. Det neste som skjer er at Nordfjordrådet handsamar saka i sitt møte 15. mars. Dersom dei også sluttar opp om eit nytt samarbeid, vil kommunane Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund bli invitert til deltaking i eit nytt regionråd.

God helg!
Terje Heggheim
Kommunedirektør