Kommunedirektøren sitt fredagsbrev

Illustrasjon av kommunevåpenet til Kinn kommune, med "Kinn kommune" i svart skrift under. - Klikk for stort bilete

Kvar fredag skriv kommunedirektør Terje Heggheim om aktuelle saker som skjer i kommunen.

Vi innfører e-dialog

Førre veke lanserte vi tenesta e-Dialog, som gjer det mogleg for deg å sende oss post elektronisk. Då blir teksten omforma og uleseleg for uvedkomande (kryptert), så det blir trygt å sende personsensitive opplysingar. Det gjeld også for tekst og opplysingar som er unnateke offentlegheit.

For å kunne sende post til oss på denne måten, må du vise kven du er ved hjelp av ID-porten. Det gjer du ved å bruke Bank-ID, Min-ID og liknande. Du kan skrive til kommunen, eller svare på brev du har fått frå oss. Du kan jamvel laste opp vedlegg og sende dei på same vis.

På denne måten held vi fram digitaliseringa i Kinn. Du kan lese meir om ordninga på heimesida vår.

Redda ein del av Florøsjela

Det var måndag 8. februar, halv ti om kvelden. Brannalarmen gjekk i Florø. Det brenn i eit av byens eldste trehus i Strandgata. Eit hus som står i rekke med fleire gamle trehus. Kinn Brann og redning rykker ut. Etter ei kort stund er dei på plass med alt dei kan mønstre. Det inneber òg at mannskapet i Eikefjorden rykker ut. Full innsats. Dei som bur i huset, samt naboar vert evakuerte.  

Dei som såg utviklinga i brannen, såg at stigebilen kom til sin rett. Når vatnet kom ovanfrå såg vi korleis elden vart drepen.

Været var bra denne kvelden. Kaldt og stille. Det er ikkje alltid slik i februar. 8.februar i fjor var det vindkast opp i 21 meter i sekundet. Tenk om det hadde vore slik denne kvelden. I så måte var vi heldige. Med dyktige brannfolk og rett materiell vann vi over flammane igjen, og redda kanskje noko meir enn eit gamalt trehus.

Florø vaks dei første tiåra etter 1860. Byen kom og byen vart forma. Teikna av byarkitekt oberst Birger Hielm. Staden fekk bypreg med rette gater, kvartal, allmenningar og det som høyrer ein by til. På sidene av gatene kom husa, trehusa, små og store. Også Olsen-huset. Slik vart Florø ein tettstad med sjel. Ein by som var vår og noko vi ville vere ein del av. Eg veit ikkje kor tid Florøsjela vart unnfanga, men eg trur den bere arven av livet i og mellom desse trehusa.

Taper vi eitt eller fleire av desse husa, kan vi misse noko av det florøværingen identifiserer seg med. I så måte klarte vi å redde noko viktig. Vi veit ikkje lagnaden til huset, men lever godt med kunnskapen om at Kinn brann og redning gjorde det som stod i deira makt. Det er det viktige for oss som innbyggarar. At vi kjenner oss trygge. Takk for ein kjempeinnsats! 

Kan det gå mot eit nytt og større regionråd?

I dag har vi fleire regionråd. Nordfjordrådet, Samarbeid i Sunnfjord (SiS) og HAFS. Det siste er samarbeid mellom kommunane Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund. Kinn og Sunnfjord samarbeider i Sunnfjord. Kinn er også med i Nordfjordrådet. Der er Bremanger observatør. Om ikkje det var nok; Kinn, Bremanger og Stad er med i Kystrådet saman med andre kystkommunar sør til Gulen.

Etter at fylka slo seg saman har også fylkeskommunen ein ny organisasjon. Den skal samarbeide med kommunane om blant anna samfunnsutvikling, samferdsle og dei vidaregåande skulane. Fylkeskommunen ser ikkje nødvendigvis regioninndelinga slik den har vore frå gamal tid. I Sogn og Fjordane tenkte vi Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Ikkje no. Utbygginga av samferdsle, auka mobilitet og digitaliseringa, har gjort til at vi kanskje ser med nye auge på kva som er eit bu- og arbeidsområde. Fylkeskommunen gjer tydelegvis det. I sine planar opererer dei med færre og større regionar. Ikkje konsekvent, men noko er i emne.

Kva betyr det for kven vi skal samarbeide med i framtida? Før jul var det eit fellesmøte mellom Nordfjordrådet og SiS på Sandane. Då bestilte ordførarane ei utgreiing frå kommunedirektørane. Vi vart beden om å sjå på ein modell med eit større regionråd der alle kommunane i Nordfjordrådet, SiS og HAFS er med. Då snakkar vi om eit regionråd og samarbeid mellom ti kommunar.  

No har kommunedirektørane sendt utgreiinga over til ordførarane. Det er ikkje sikkert den svarer på det som kan vere utfordringane for dei folkevalde, men vi trur den kan vere eit grunnlag for å drøfte saka vidare.  

Det er ikkje noko frist i ei slik sak, men det kan sikkert bli mange interessante drøftingar i løpet av våren. Neste møte i Nordfjordrådet er 22. mars.

God helg!
Terje Heggheim
Kommunedirektør