Kommunedirektøren sitt fredagsbrev

Illustrasjon av kommunevåpenet til Kinn kommune, med "Kinn kommune" i svart skrift under. - Klikk for stort bilete

Kvar fredag skriv kommunedirektør Terje Heggheim om aktuelle saker som skjer i kommunen.

Feil utsending av sensitive opplysningar

I dag melder NRK Vestland om ei kjedeleg sak. Det var i desember i fjor at vi sendte frå oss dokument med personlege opplysningar til nokon som ikkje skulle ha dei. Det var ei uromelding til barnevernet. To sakshandsamarar sender utskrift til ein skrivar samstundes. Den som hentar dokumenta først tar bunken med seg. I bunken ligg uromeldinga og hamnar med utsendinga. Det skulle sjølvsagt aldri skjedd.

Det var den som fekk dokumenta som kontakta oss. Deretter har vi vore i kontakt med alle involverte. Vi har og sendt saka til Datatilsynet.

Overfor dei involverte ber eg om orsak for det som skjedde.

Vi er i gang med å innføre ID-kort for utskrift i Kinn. Då vil du ikkje kunne ta ut dokument frå ein printer utan at du identifiserer deg. Då vil vi unngå slike uønska hendingar. Før det er på plass; ber eg om at alle skjerpar dei manuelle rutinene for utsendingar. For barnevern og helsestasjonen er dette tatt spesielt opp.

Vaksinering

Vi er no godt i gang med vaksinering i Kinn kommune. Vi er stort sett ferdig med å vaksinere bebuarane på dei tre institusjonane våre med 2 dosar. På dei heildøgnsbemanna omsorgsbustadane er vi snart ferdig med første dose.

Førre veke vart alle 85+ i Florø oppringt og fekk timar til vaksinering på SMS. Dei fleste vart vaksinert onsdag og torsdag den veka, og har fått ny time om tre veker. I Måløy vaksinerer vi denne gruppa i løpet av denne veka. Det same gjeld dose to for pasientane på Kulatoppen. Pasientar i heimetenesta som ikkje kjem seg til legekontoret vert også vaksinert denne veka, i eigen heim eller dei som bur i heildøgnsbemanna omsorgsbustader.  

Plan for vaksinering veke for veke vert laga utifrå tilgjengeleg informasjon. Kor mange dosar vaksine som kjem kvar veke kan endre seg, og då tilpassar vi planane.

Veke 6 og 7 vil tildelte dosar gå til Florø til dei gruppene som skal ha 2.dose. Veke 7 starter vi også å vaksinere tilsette. Kvar veke framover vil 20% av tildelte vaksiner gå til denne gruppa.

Veke 8 vil tildelte doser gå til Måløy til vaksinering av 2.dose. Her starter vi også med å gje tilsette 20% av vaksinene.

Når vi no starter å vaksinere tilsette så er det laga ei prioriteringsliste som vi vil følgje. Tilsette på dei to legekontora, som er dei som står i førstelinja, er no også ferdig vaksinert. Deretter er det tilsette i heimetenesta og på institusjonane som får stikket.

Til slutt ein stor takk til alle som er med på denne store arbeidsinnsatsen med å organisere og sette vaksinene.

Klart for to store og viktige byggeprosjekt i Florø

Denne veka har vi gitt rammeløyve og løyve til igangsetting av nytt terminalbygg på Fugleskjærskaia i Florø. Arbeidet vil starte i neste veke i form av riving av eksisterande bygg, og grunn- og terrengarbeid for det nye.

Vi har gitt rammeløyve for oppføring av nytt fryselager til Global med tilhøyrande anlegg og omlegging av veg, igangsetting av grunnarbeidet. Det er i Gunnhildvågen.

Dei er begge døme på den aktiviteten som no skjer i Florø. Terminalbygget på Fugleskjærskaia vil i tillegg bli eit signalbygg som du vil sjå ved innsegling til- og opphald i Florø.

Stad har godkjend meklingsprotokollen

Stad kommunestyre hadde møte i går der dei vedtok meklingsprotokollen etter grensejustering av Bryggja. Fylkesmannen mekla mellom oss og vi vart ferdige før jul. Det gjeld den delen av oppgjeret som går på betaling av bygg og anlegg, veg og annan infrastruktur. Vi vart samde om at Stad skal betale Kinn 30 millionar kroner for den delen av oppgjeret.

Saka skal til godkjenning i Kinn formannskap tysdag neste veke. Seinare til kommunestyret 18. februar.

Dersom begge kommunestyra godkjenner meklingsprotokollen er den delen av oppgjeret å sjå som avklart.

Då står spørsmålet om erstatning att. Det gjeld tap av inntekter og auka kostnader som ein av kommunane kan få som følgje av grensejusteringa. Den har Kinn kravd at ei eiga skjønsnemnd skal sjå på. Det vil skje i løpet av våren.

God helg!

Terje Heggheim
Kommunedirektør