Kommunedirektøren sitt fredagsbrev

Illustrasjon av kommunevåpenet til Kinn kommune, med "Kinn kommune" i svart skrift under. - Klikk for stort bilete

Kvar fredag skriv kommunedirektør Terje Heggheim om veka som har gått.

Endringar i bygg- og eigedomsavdelinga

Onsdag kveld orienterte eg formannskapet om nokre endringar vi gjer i organisasjonen. Vi gjer dei for å sikre framdrifta i store investeringsprosjekt. Då vi i 2018 og 2019 bestemte organiseringa, hadde vi ikkje dei vedtaka om investeringar vi har no.

I sum er dagens bygg og eigedom på langt nær bemanna til å kunne handtere dei oppgåvene som er lagt til tenesta. Det skortar ikkje på kompetanse, men på kapasitet. Omfanget av kommunen sitt arbeid med forvaltning av over 1000 eigedommar var også undervurdert når avgjerda om gjeldande organisering var gjort.

Vi tek difor tre grep.

For det første opprettar vi ei eiga avdeling under kommunalsjef for samfunn, kultur og miljø. Den vert leia av ein prosjektsjef. I den avdelinga vert det også tilsett prosjektleiarar og byggesaksleiarar. Nokre av desse har vi i organisasjonen i dag, men ikkje mange nok. Difor lyser vi ut etter fleire. Investeringar som gjeld vatn og avlaup skal ligge der dei er i dag; tekniske driftstenester.

Det andre vi gjer er å flytte eigedomsfunksjonen nærare kommunedirektøren. Den vert tatt i vare av ein eigen rådgjevar i stabsavdelinga fag og utvikling. Den vert ikkje lyst ut.

Det tredje går på at driftsansvaret for kommunen sine føremålsbygg blir lagt til tenesta for teknisk drift. Her blir det oppretta to avdelingar under teknisk sjef. Då vil vi ha ein avdelingsleiar for føremålsbygg i Måløy og ein i Florø. Avdelinga kjem på plass etter interne rokkeringar.

Det kan vere reaksjonar på at vi alt no endrar organisasjonen i Kinn. Det kan eg forstå. På ei anna side; ingen ting er hogd i stein, vi må endre oss når føresetnadane gjer det. Nokre av dei tilsette som no vert flytta på tok til ordet for ein slik modell sist vi vurderte dette.

Vi vil sjølvsagt følgje spelereglane som gjeld for slike endringar. Dei tillitsvalde tar del og vi skal gjennomføre avklaringssamtaler med dei tilsette.

Vi legg opp til å gjere endringane med verknad frå 1. mars i år.

Utlysing av stillingar som prosjektsjef og prosjektleiarar

I dag lyser vi ut stillingane eg har omtalt ovanfor. Kinn skal investere for over 1,6 milliardar i ulike bygg og anlegg. Til det treng vi dyktige medarbeidarar. Vi legg utlysingane på heimesida vår i ettermiddag. Dersom du kjenner nokon som du trur kan gjere ein god jobb, send dei gjerne ei lenke til heimesida og annonsa. Dei som vert tilsett kan velje om dei vil ha kontorstad i Måløy eller Florø. Takk for hjelpa!

Utvida høyringsfrist i sak om Stavang og Steinhovden skular

Som dei fleste no har fått med seg har vi utsatt høyringsfristen. Det vart vanskeleg å få til gode arenaer der dei involverte kunne få kome med sine innspel. Koronasituasjonen gjorde det ikkje lettare. Det er ikkje sikkert at vi vil få til dei folkemøta vi ønskjer. Smittevernreglane styrer det. Vi har likevel tid til å planlegge slik at vi får ein prosess med auka høve til å kome med innspel. Ordførar, kommunalsjefen og eg har også snakka om at vi vil disponere ein dag både i Stavang og på Steinhovden, slik at vi kan vere tilgjengelege for dei som ønskjer å snakke med oss. Det kjem i tillegg til eventuelle større samlingar vi prøver å få til. Vi kjem tilbake med aktuelle datoar seinare.

Nominert til årets vertskapskommune

KS og NHO samarbeider om å kåre årets vertskapskommune. Her gjeld det å vere blant kommunane som legg til rette for næringsutvikling og bidrar til at bedriftene får viktige rammevilkår. Eit velfungerende næringsliv vil bidra til auka sysselsetting, auka inntekter og ikkje minst betre tilbod i lokalsamfunnet. Då er samspelet mellom kommunar og næringsliv viktig. Gjennom ei slik kåring set KS og NHO fokus på slikt samarbeid.

Dersom du går inn på postlista til kommunen vil du sjå kven som har nominert oss og kvifor. Vi syns sjølvsagt det er kjekt å bli nemnd i ein slik samanheng og takker for nominasjonen.

God helg!

Terje Heggheim
Kommunedirektør