Kommunedirektøren sitt fredagsbrev

Illustrasjon av kommunevåpenet til Kinn kommune, med "Kinn kommune" i svart skrift under. - Klikk for stort bilete

Kvar fredag skriv kommunedirektør Terje Heggheim om veka som har gått.

Breiband i øyane vest av Florø

Øyane utanfor Florø har no fått breiband. I all hovudsak er arbeidet med framføring av fiber og andre tekniske løysingar på plass. Det har vore utfordringar med å få dette på plass, noko som inneberer at arbeidet har tatt over tre år. Ca. 260 husstandar/verksemder har kopla seg på. Dette betyr at kvardagen til dei som bur i øyane har blitt langt enklare. Vidare ser vi ein klar tendens til at fleire som i utgangspunktet har fritidsbustad, oppheld seg lenger i øyane. Det er med på å gi meir liv og aktivitetar i lokalsamfunna. Og ikkje minst; det gir betre grunnlag for drift av båtruter og lokalbutikkar. 

Anders Forsdahls pris til Jan Helge Dale

Det har vanka mykje ros til kommuneoverlegen vår det siste året. Det er først og fremst fordi han har bidrege til å løyse utfordringane med Covid-19 på ein god måte. Sidan 2016 har Nasjonalt senter for distriktsmedisin delt ut Anders Forsdahls pris. I dag fekk Jan Helge Dale den. Prisen går til dei som blant anna har utretta ein markant innsats for helsetenesta i distrikts-Noreg. Utgangspunktet for tildelinga til Jan Helge er rolla han har utøvd som kommuneoverlege i Flora og seinare Kinn. Dale sitt fokus og arbeid med samhandling mellom kommune og spesialisthelsetensta vert også tillagt vekt. Dei viser til rolla hans i å bygge opp ei interkommunal folkehelseavdeling, der også smittevern står sentralt. Arbeidet hans under den pågåande pandemien vert også trukke fram. Rekruttering av legar til Sogn og Fjordane har til tider vore krevjande. Jan Helge har jobba systematisk med det. Grunngjevinga er solid og omfattande. Til slutt tar eg med at dei vektlegg Jan Helge sin gode fagkompetanse og korleis han har nytta den til å styrke eige legekontor og kva kompetansen har betydd for samarbeidet med mange andre aktørar.
Vi er ei stolt kommuneleiing som gratulerer Jan Helge med prisen.

2020

For eit år det vart. Torsdagen i midten av mars stoppa landet opp. Alt vart snudd på hovudet. Eg seier på litt spøk; skulle desse endringane vore gjennomført som ei reform, ville det tatt minst 10 år. Det tok ei helg. Alle som hevdar at kommunar er nokre tunggrodde og seige byråkratiske organisasjonar, bør tenke seg om. Tvert om; kommunar kan hive seg rundt.  
I tillegg til å takle pandemien har drifta gått som normalt. Noko har vi sjølvsagt måtte vente med, men innbyggarane i Kinn har stort sett fått den normale velferda vi skal gi.  
Vi har hatt utfordringar. Vi har hatt utbrot i institusjonar. Vi har også hatt det i barnehagar. Det er måten våre dyktige tilsette i helsestellet og tenestene våre har løyst det på, som har gjort til at dette har gått bra.
I kommunestyret i går retta leiaren i Helse- og omsorgsutvalet ei spesiell stor takk til alle tilsette i omsorgssektoren.  Ho gav uttrykk for takksemd og stoltheit. Som kommunedirektør opplever eg det som ei stor styrke; at vi har folkevalde leiarar som både utfordrar oss og som gir oss honnør og ære, når vi både treng og fortener det. Takk!

2021

I går vedtok kommunestyret økonomiplanen og handlingsprogrammet for åra som kjem. Det er dei formelle namna på dokumenta. Eg nyttar meir omgrepet; eit program for utvikling av Kinn. Det går ein raud tråd frå intensjonsavtalen og kva ein ville med Kinn til det vedtaket som vart gjort i går.
Vi skal investere mykje, men det kan vi berre gjere dersom vi tar dei organisatoriske grepa som er med på å gi oss handlingsrom til det. Vi må styrke kapasiteten som skal gjennomføre prosjekta. Elles vil vi kome på etterskot. Vi har alt starta planlegginga og på nyåret vil alt dreie seg om korleis vi grip fatt i det styringsdokumentet vi no har fått vedtatt.
Eg vil nytte høve til å takke alle tilsette for ein framifrå utført jobb i 2020. Det vart krevjande, og de leverte. Takk til alle folkevalde som også har tatt utfordringane på ein god måte. Måten å utøve lokaldemokratiet på endra seg i år. De tok utfordringane og har allereie tatt konsekvensane av kva det skal bety for korleis de skal arbeide i åra som kjem.  
Slik har både administrasjon og folkevalde funne nye løysingar på utfordringar og kjende problem. I fagbøker vert det omtalt som innovasjon.
Eg ønskjer alle i Kinn kommune ei god jul og eit godt nytt år!
Terje Heggheim
Kommunedirektør