Kommunedirektøren sitt fredagsbrev

Illustrasjon av kommunevåpenet til Kinn kommune, med "Kinn kommune" i svart skrift under. - Klikk for stort bilete

Kvar fredag skriv kommunedirektør Terje Heggheim om veka som har gått.

Torvmyrane med ro og handlekraft

Dei fleste veit no kva som skjedde på Torvmyrane skule og barnehage onsdag denne veka. Det var kome nokre ungar i barnehagen, og nokre elevar hadde kome til skulen. Likeså nokre tilsette. Det var likevel ein liten halvtime før første time. Alarmen går. Det er kraftig røykutvikling. Kinn Brann og redning kjem raskt til og startar sitt arbeid. Dei er som alltid profesjonelle. Det vart sjølvsagt tatt ei avgjerd om å tømme anlegget, få kontroll på kven som er inne og kven er ute. Brannvesenet avgjer at heile anlegget må evakuerast.

Dersom det vert ei utvikling av situasjonen treng ein alt areal utanfor til plassering av sløkkemateriell. Difor vart dei første som hadde møtt opp sendt heim. Det var behov for utearealet. Slike vurderingar måtte leiing og tilsette gjere der og då. Det er leiarskap, god leiarskap. Så starta arbeidet med å få den naudsynte kontrollen på kven som var kor, og ei utstrakt meldings- og informasjonsteneste mellom skule og heim. Etter kvart sat dei med det faktiske biletet.

Tilbakemeldingane eg har fått er berre positive. Ro og handlekraft er dekkande for korleis vi kan omtale det. Ro; på ein slik måte at dei klarte å halde fokus og få situasjonen under kontroll. Handlekraft som kjem til uttrykk gjennom leiing; nokon som utfører - og informerer. Det gjeld ikkje berre leiinga og tilsette. Borna skal ha mykje skryt for kor flinke dei var.

Torsdag morgon møtte ordføraren og eg dei tilsette. Dei skulle starte ein debrief. Å snakke seg gjennom dei opplevingane dei hadde vore ein del av. Det er viktig etter alvorlege hendingar. Den er viktig for at den enkelte skal forstå, og for at organisasjonen skal lære - og rette eventuelle feil til den dagen ingen ønskjer skal kome att.

Ordføraren og eg sjølv hadde eit sentralt bodskap. Vi stod stolte framfor dei tilsette og helsa dei med dei rosande orda dei alle fortener. Ein ting er sikkert; rektor Robert Steindal og alle tilsette ved Torvmyrane kan gå rakrygga og vere stolte av måten dei handla på. Når både ordførar og kommunedirektøren er stolte, er det med viten om at organsasjonen vår har tilsette med kunnskap og som saman har kapasitet til å takle slike utfordringar. Takk og gratulerer!

I det eg skriv dette sit skuleleiinga i møte med bygg- og eigedomstenesta og politiet. Dei vurderer vidare drift i anlegget. Følg med på kommunen si heimeside. Det kjem meir informasjon der seinare i ettermiddag.

Skryt og julehelsing til planavdelinga via Måløy 24

Nettstaden Måløy24 kunne onsdag sende vidare ei julehelsing dei hadde fått inn. Det følgjande er helsinga.

Finn Åge Larsen i Verlo Eiendom har benyttet Måløy24s julehilsen-skjema for å sende noen gode ord til medarbeidere i byggesaksavdelingen i Kinn kommune.

– Vi i Verlo Eiendom AS ønsker å sende en julehilsen til Heidi Dyrøy og Tiffany Huston i plan- og bygningsavdelingen i Kinn kommune, som en stor takk for effektiv og god behandling som vi har opplevd i forbindelse med byggeprosessen og avslutning av ombyggingen ved tidligere Firda-bygget i Måløy. I denne avdelingen i Kinn kommune møter vi hyggelige saksbehandlere, en hyggelig tone og løsningsorienterte hjelpere. Dette er slik vi som utbyggere ønsker at det skal være, og det setter vi stor pris på. Så tusen takk for god hjelp og en god jul til dere alle, skriver Larsen.

Det er sjølvsagt kjekt å lese slike meldingar om tilsette og tenestene dei leverer.

Ikkje utsetting av forhandlingane om Bryggja

Kommunal og moderniseringsdepartementet har avslått søknaden om å utsette fristen for forhandlingar om oppgjeret for Bryggja. Tidlegare i dag haddde vi møte med fylkesmannen og Stad. Vi vil følgje opp over helga korleis vi løyser saka no.

God helg!

Terje Heggheim
Kommunedirektør