Kommunedirektøren sitt fredagsbrev

Illustrasjon av kommunevåpenet til Kinn kommune, med "Kinn kommune" i svart skrift under. - Klikk for stort bilete

Kvar fredag skriv kommunedirektør Terje Heggheim om veka som har gått.

93 millionar kroner frå KLP

Kinn kommune vil i 2021 få ein ekstraordinær tilbakeføring på nærare 93 millionar kroner. Det går til kommunen sitt premiefond i KLP. Bakgrunnen er avsetningskravet til framtidige alderspensjonar som vert redusert. Vi kan berre nytte midlane til å dekke framtidige pensjonspremiar.

Tilbakeføringa vil få ein betydeleg positiv likviditetseffekt for kommunen, etter 2021. Det er særs positivt at tilbakeføringa betyr at ein vesentleg del av, og kan hende heile, det oppsamla premieavviket kan nullast ut i rekneskapen for 2021. Då vil det få ein positiv resultateffekt frå og med 2022. Frå då av kan vi sette midlar av på fond og ha reservar til drifta.

Kommunen skal innan 18. juni 2021 gje tilbakemelding til KLP om korleis vi vil innrette tilbakeføringa til premiefondet.

Solid skattevekst for Kinn i 2020

Det er alltid knytt stor spenning til den lokale skatteinngangen i november. I tillegg til å vere ein stor skattemånad, kjem det endelege oppgjeret for fjoråret. Fordelinga mellom kommune og stat blir også klar. No har vi fått tala for november frå Skatteetaten.

Tala viser at den lokale skatteinngangen i Kinn kommune ligg nesten 15 millionar kroner over det siste anslaget i 2. tertialrapport. I forhold til landet samla sett er det grunn til å tru at Kinn vil komme ut som ein skattesterk kommune i 2020. Basert på Finansdepartementet sin siste prognose for den nasjonale skatteveksten i år, ser det ut som at vi av denne inntekta må bidra med nesten 9 millionar kroner inn i inntektsutjamninga.

Dersom prognosane til Finansdepartementet slår til vil Kinn såleis sitte igjen med netto vel 6 millionar kroner, som det så langt ikkje er tatt høgde for i det vi har rapportert for 2020. Dette betyr at vi kan bruke mindre av bufferfondet enn det vi har varsla i siste rapport til kommunestyret.

Nye arealplanar i Kinn

Kommunen arbeider no med å få på plass tre viktige overordna planar for utvikling i kommunen. Dei er:

  • Områdereguleringsplan for Måløy sentrum.
    Planen vil gi grunnlag for utvikling av sentrum av Måløy. Den vil blant anna seie noko om kor, og kor høgt du kan bygge. Den skal gi føringar for oppgradering av Gate 1, klargjere bygging av ny brannstasjon, Nordfjordbadet/hotell, og ein god del andre tema. Planen skal vere ferdig juni 2021.
     
  • Arealplan for heile Kinn kommune.
    Det er ein overordna plan som gjeld for alle område som ikkje har eigen delplan. Den vil handle om fleire tema som bustadbygging, næringsareal og sjøareal. Denne er spesielt viktig for området rundt Måløy, fordi den gjeldande planen har gått ut på dato. Nettopp det har vore til hinder for mange prosjekt dei siste åra. No vil vi få ein oppdatert plan som vil gi rom for utvikling innanfor dei tema og rammer som planen gjev. Planen skal vere ferdig desember 2021.
     
  • Kommunedelplan for Florølandet – Brandsøy.
    Den handlar om heile området frå Brandsøy og heile Florøhalvøya. Den er viktig for mellom anna bustadbygging, næringsutvikling, flyplassen og vegar/trafikk. Planen skal vere ferdig juni 2021.

Vi er i dialog med næringsaktørar og organisasjonar. Her får vi gode tankar og innspel til planarbeidet. Det er den dialogen og innspela som gir oss gode planar. Ta gjerne kontakt med planavdelinga vår om du vil kome med innspel.

Teams videomøte frå måndag 7.desember

Frå måndag vil vi nytte Teams til videomøte i Kinn kommune. Teams er den nyaste samhandlingsplattforma til Microsoft. Teams vil erstatte Skype for business, men har også fleire funksjonar som Skype ikkje har. Det er dei som har hatt lisens på Skype for business som får Teams no.

I første omgang tar vi berre i bruk Teams til videomøte og chat. Fleire funksjonar blir gjort tilgjengeleg tidleg i 2021. Då kan vi bruke meir av Teams til samarbeid og samhandling.

Det er laga ein introduksjon til Teams på KS-læring . Du finn også KS-læring i Fagportalen. Bruk vanleg pålogging eller MinID.

God helg!

Terje Heggheim
Kommunedirektør