Kommunedirektøren sitt fredagsbrev

Illustrasjon av kommunevåpenet til Kinn kommune, med "Kinn kommune" i svart skrift under. - Klikk for stort bilete

Kvar fredag skriv kommunedirektør Terje Heggheim om veka som har gått.

Økonomiplanen lagt fram

Økonomiplanen for 2021-2025 stadfestar at økonomien vår framleis er særs krevjande. Vi held fram med å snu steinar. Det vil vi gjere i heile planperioden.

Som del av budsjettarbeidet har vi hatt ein gjennomgang av organisasjonen. Agenda Kaupang har bistått i arbeidet. Mange av arbeidsgruppene sine tilrådingar er tatt inn som tiltak og endringar i driftsbudsjettet. Dei største endringane i så måte finn vi i grunnskule som skal gjennomføre tiltak i 2021 på for om lag 15,5 millionar kroner. I 2024 er omfanget 27 millionar kroner. Sjølv om pleie og omsorg vert styrka som følgje av auke i talet på fleire eldre, vil dei gjennomføre tiltak neste år for nærare 2 millionar. I 2024 vert det auka til nærare 18 millionar.

Innanfor samfunn, kultur og miljø – og administrasjon ligg det inne tiltak tilsvarande 15 millionar kroner i 2024. I tillegg kjem innsparing og tiltak som følgje av samlokalisering av administrasjonen. Det vil også bli gjennomført tiltak i bustadsektoren tilsvarande 4 millionar kroner i 2024.

I dette framlegget vil de sjå at eg tilrår å legge ned skulane i Stavang og Steinhovden. Solheim skule i Norddalsfjorden har alt starta ein frivillig prosess med flytting av barna til Brandsøy skule. Avvikling av desse tre skulane kan gi reduserte driftskostnader på 8 millionar kroner med full årseffekt. Det vil likevel ikkje vere nok, og då må tiltak knytt til sentrumsskular kome i tillegg. Her må vi byggje på dei tilrådingar Norconsult har i sin rapport som kjem ein av dei første dagane. Her meiner eg rapporten kan danne grunnlag for gode vurderingar og drøftingar mellom kommunedirektøren og hovudutvalet.

Tiltaka som gjeld sentrumsskular vil uansett skje seinare i perioden. Grendeskulane er tilrådd avvikla frå starten av skuleåret 2021/2022.

I tillegg til å spare kostnader er vi også nøydde til å sjå kor vi kan auke inntektene. Difor er eigedomskatten tatt opp i framlegget. Havbruksfondet er tatt inn med den frekvens og omfang for utbetaling vi meiner vil kome.

Vi legg opp til eit omfattande investeringsprogram i planperioden. Storhallen i Vest, gymsal ved Florø barneskole og Nordfjordbadet ligg inne. I tillegg til mindre tiltak innanfor kultur og idrett.

Skram skule ligg inne som investering i perioden, men ei realistisk ferdigstilling vil no vere andre halvår 2023.

Oppgradering av kyrkjene er tatt med. Fellesrådet har lagt fram eigen tiltstandsrapport om kyrkjebygga. Den viser eit samla behov for nærare 53 millionar kroner (med mva) til føremålet. Eg tilrår at vi investear for 27 millionar dei neste fire åra.

Eg legg til grunn at fellesrådet, i tillegg til å starte oppgradering innanfor den ramma som blir sett av til føremålet, også starter ein prosess med ei målsetting om at deira samla bygningsmasse vert tilpassa dei økonomiske rammene. Med andre ord; vi må ta debatten om kor mange kyrkjer vi skal ha i Kinn.

Florø kulturhus er eit signalbygg i Florø. Det er frå 70-talet. Status no er at det til dels er omfattande lekkasjer, samt at varme og ventilasjonsanlegget er gått ut på dato. Det er difor behov for å gjere grunnleggjande oppgradering av bygget.

Samlokalisering av administrasjonen ligg inne i samsvar med kommunestyret sitt siste vedtak. Ramma er auka til 251 millionar. Då er garasjeanlegg tatt med. Administrasjonsbygg er så langt stipulert til 187 millionar kroner.

Covid-19 nye nasjonale tiltak

I går kom styresmaktene med nye nasjonale tiltak mot pandemien. Dei generelle reglane gjeld sjølvsagt også for oss, men dei tiltaka som kommunar med stor smitte kan iverksette, kan vi heldigvis legge på vent. Det kan vi gjere fordi vi så langt ikkje er hardt råka. Hugs likevel; hygiene, avstand og hald deg heime om du er sjuk.

Storevatnet barnehage

I går vart det tatt over 60 prøver av barn og tilsette i Storevatnet barnehage. Alle var negative. Flott – og igjen godt jobba med lynrask respons frå helsestellet vårt! Vi følgjer fortsatt situasjonen.

God helg!

Terje Heggheim
Kommunedirektør