Kommunedirektøren sitt fredagsbrev

Illustrasjon av kommunevåpenet til Kinn kommune, med "Kinn kommune" i svart skrift under. - Klikk for stort bilete

Kvar fredag skriv kommunedirektør Terje Heggheim om veka som har gått.

Agenda Kaupang

No har dei tre arbeidsgruppene saman med Agenda Kaupang kome fram til kva tiltak vi kan vurdere for å få ned kostnadane i Kinn. Eg får ein sluttrapport som vil danne grunnlaget for mine vurderingar i det vidare budsjettarbeidet.

Gruppene har arbeidd godt og medlemene har vist vilje til å snu dei fleste steinane. Det er heller ikkje enkelt å sitte i ei slik gruppe. Det kan vere greitt å kome med framlegg, men når alt kjem til alt, handlar det om menneska i organisasjonen.

Når medlemer i gruppa føreslår å gjere noko på ein annan måte, så kan det sjølvsagt gjelde deira eigen arbeidsdag, men det kan også få konsekvensar for kollegaen sin arbeidsdag. Det kan gjelde ein aktivitet, eller ei avdeling du heller ikkje har dagleg kontakt med. Medlemene i gruppene har gjort denne jobben fordi eg bad dei om det. Det er som gruppe dei har levert framlegga sine, ikkje som enkeltmedlemer.

Takk for innsatsen – så langt!

I den komande tida vil alle få kjennskap til kva eg tilrår å gå vidare med. Då kan vi oppdage at dette gjeld arbeidsplassen din. Dei tillitsvalde har tatt del i arbeidet, men det gjer ikkje informasjonbehovet mindre. Vi vil så langt det er mogeleg prøve å orientere dei tilsette om tiltaka. Difor vil kommunalsjefane no prioritere å informere i sine sektorar.

Vi planlegg også å samle alle tenesteleiarane 18. november. Det er stort informasjonsbehov i organisasjonen no.

Vi må gjere drastiske kutt i driftskostnadane våre. Det er ingen veg utanom. Alle ledd i organisasjonen vil merke det. Vi kan håpe på auka overføringar frå staten, eller auke i andre inntekter, men uansett; vi må trimme Kinn-økonomien. Det gir berekraft på sikt.

Covid 19

Vi ser alle korleis situasjonen utviklar seg, globalt og lokalt. Beredskapsleiinga i Kinn er budd på å treffe nye tiltak om situasjonen krev det. Beredskapsrådgjevaren følgjer situasjonen tett saman med nøkkelpersonell i helsestellet. Det viktigaste er likevel din eigen innsats. Avstand og hygiene. Er du sjuk, er du heime!

Digi Vestland

I dag deltok eg saman med dei andre kommunedirektørane i Nordfjord og Sunnfjord på eit møte som gjeld eit tettare samarbeid med alle kommunane i Vestland fylke. Samarbeid om IT og digitalisering. Det er alt etablert eit samarbeid mellom eit utval kommunar i tidlegare Hordaland, der Bergen kommune er i førarsetet. Ei eventuell utviding vil handle om at alle dei 43 kommunane i det nye fylke går inn i Digi Vestland, som samarbeidet vert kalla. Målet med eit eventuelt fylkesdekkande samarbeid er å løyse dei nasjonale digitaliseringsprosjekta saman – og på ein betre måte.

Det vart ikkje konkludert noko i dag, men dei fleste er positive til eit tettare samarbeid om IT. For Kinn sin del vil det vere viktig at eit eventuelt nytt samarbeid, ikkje skal utfordre kompetansemiljøet vi har i Nordfjordnett. Det same tenker Sunnfjord og nabokommunane. Kjernen vert då at vi kan vere positive til samarbeid, men det skal ikkje føre til ei sentralisering av kompetansemiljøa. Det er også eit spørsmål om kva eit samarbeid vil koste oss økonomisk.

Fagnettverk

Kommunedirektørane i Nordfjord bestemte i dag å sette ned ei lita arbeidsgruppe som skal kome med ein plan for å få dei faglege nettverka operative igjen. Nokre er operative, andre ikkje. I Kinn har vi bestemt at vi skal ta del i nettverka i Nordfjord. Det er nærare ti ulike nettverk i regionen vår.

Neste veke

Måndag er det møte i både kommunedirektørgruppa og leiargruppa med stabane. Elles vil det gå mykje i budsjettarbeid. Torsdag er det formannskap i Måløy, blant anna med eit bedriftsbesøk hos Verlo. Det er i dette møtet vi legg fram utkast til økonomiplanen.

God helg!

Terje Heggheim
Kommunedirektør