Kommunedirektøren sitt fredagsbrev

Illustrasjon av kommunevåpenet til Kinn kommune, med "Kinn kommune" i svart skrift under. - Klikk for stort bilete

Kvar fredag skriv kommunedirektør Terje Heggheim om veka som har gått.

Vil avslutte arbeidet med nytt administrasjonsbygg i denne omgang

I går sende eg fram ei sak som eg opplever vanskeleg. Vi har i lang tid arbeidd med eit nytt felles administrasjonsbygg i Florø. Arbeidet har hatt ei økonomisk ramme på 155 millionar kroner. Då er det med eit parkeringshus. Vi slit med å halde den ramma. Det paradoksale er at sjølv med eit dyrare prosjekt, kan vi kanskje klare å vise at investeringa vil vere lønsam. Så kvifor stoppe no? Eg vurderer den samla lånegjelda vår til å vere for høg. Riksrevisjonen og KS seier at gjelda ikkje bør vere høgre enn 75% av det vi har i inntekter. I Kinn er den i dag 156%.

Vi veit at vi får store investeringar i omsorgs-sektoren. Vi veit at vi må finne ei løysing på Skram skule. Det er to investeringsprosjekt som vil hjelpe oss med å løyse dei lovpålagde oppgåvene. Dersom vi aukar lånegjelda ved å bygge administrasjonsbygg no, ser eg at vi kan redusere allereie eit avgrensa handlingsrom. Vi kan nærme oss ei gjeldsgrad på 200%, og vi har endå behov for å investere i lovpålagte oppgåver. Då er det betre at vi nyttar den evna vi har til å investere til føremål vi ikkje kan velje vekk.

Nytt administrasjonbygg vil ha mange positive verknader for kommunen. Ikkje minst for arbeidsmiljøet. Det gamle rådhuset i Florø, held ikkje mål, og vi er nøydde til å finne mellombelse løysingar for det arealet. Inntil vidare må vi gjere det ved å leige areal. Det kan også vere ei dyr løysing, men vi må prøve å finne gode og forsvarlege ordningar.

I dag har eg gått litt rundt og informert i nokre av dei administrasjonslokala vi disponerer . Eg vil be om orsak for at de las dette i avisene før de fekk informasjon frå meg. Eg ville det annleis, men fekk det ikkje til. Nokre av dykk har møtt meg med forståing, andre har vore kok forbanna.

Det skjønar eg. No er vi nøydde til å treffe tiltak for dei som ikkje har kurante arbeidsplassar. Eg vil prioritere det, men vil vente til kommunestyret har gjort vedtak i saka.

Saka skal i første omgang til formannskapet 1. oktober og deretter til kommunestyret. Dei kan sjølvsagt gjere noko anna enn det som ligg i tilrådinga mi.

Tilrår å gå vidare med Nordfjordbadet

Kommunestyret bestilte tidlegare ei sak om Nordfjordbadet i Måløy. Saka vert fremma neste møte i formannskapet. Eg tilrår at vi går vidare med planlegginga, men at vi må sjå også denne investeringa i samanheng, budsjett- og økonomiplanarbeidet. Det er spesielt to forhold som gjer til det. For det første; det er gjeve ein monaleg sum med gåvemidlar til prosjektet; om lag 45 millionar kroner. For det andre; saka heng saman med korleis vi skal løyse skulesymjinga i Måløy. Å avklare Nordfjordbadet, vil bidra til å avklare kva rammer vi skal legge til grunn for planlegginga av Skram skule.

Kommunestyret må gjere vedtak om Nordfjordbadet i år. Om ikkje; vil det gå ut over framdrifta for planarbeidet Skram skule.

Dersom vi byggjer eit Nordfjordbad, vil det ikkje vere behov for eige symjeanlegg ved skulen. Då vert skuleprosjektet rimelegare. Opplegget så langt inneber at kommunen må inn med 50-60 millionar i eit slikt badeanlegg. Å løyse skulesymjing for elevane er ei lovpålagt oppgåve. No er det opp til dei folkevalde å avgjere kva måte det skal skje på.

Ekstern gjennomgang av Kinnøkonomien

Agenda Kaupang har no starta arbeidet med å gå gjennom Kinn sin økonomi. Vi hadde oppstart- møte måndag og oppfølging onsdag. Då gjekk vi gjennom rekneskap våre, slik at vi veit at grunnlaget vi skal arbeide vidare med er rett. Formannskapet vil få ei løypemelding i neste møte.

Det er også satt ned tre arbeidsgrupper som skal kome med konkrete framlegg til innsparingar. Gruppene speglar organisajsonen. Ei for oppvekst, ei for helse, sosial og omsorg og til slutt ei for tekniske tenester og administrasjon. Dei skal ha avslutta arbeidet sitt 26. oktober. Då kan vi ta nokre av dei innspela med oss vidare i budsjettarbeidet no i haust. Dette arbeidet kjem på toppen av ein travel og krevjande periode for mange av dykk. Eg takkar for at de tar på dykk arbeidet i desse gruppene.

God helg!

Terje Heggheim
Kommunedirektør