Kommunedirektøren sitt fredagsbrev

Illustrasjon av kommunevåpenet til Kinn kommune, med "Kinn kommune" i svart skrift under. - Klikk for stort bilete

Kvar veke skriv Terje Heggheim om veka som har gått.

75 år med fred

I dag feirar vi 75 år med fred. Måløy og Florø har begge krigshistorie. Måløyraidsenteret fortel soga om kva som skjedde i romjulsdagane 1941. I ettermiddag vert det avduka ei statue i Florø som endeleg fortel om krigen i eit likestilt bilete. Sigrun Solberg kjem på sokkel saman med agentane Ulriksen og Svardahl. Hennar innsats med å skjule agentane og deira sendingar gjorde til at dei klarte å få sendt mange meldingar frå berghylla ved Årebrot. I dei seinare åra har det kome meir litteratur som fortel om kvinnene sin innsats under krigen. Det er ikkje for tidleg.

75 år er fleire generasjonar. Sjølv om dei unge som veks opp i Norge i dag, ikkje har opplevd krig, er det andre born og unge i verda som har opplevd krigen sitt kaos og helvete. For nokre år sidan stilte ein elleve år gamal gut opp i Norske talenter på TV 2. Han ville rappe. Rappen handla om korleis han og broren søkte ly for kuler og granatar i Kabul i Afghanistan. Deira einaste, og sterke ønskje var fred. Dei kom som flyktningar til Norge og Tofan kunne fortelje si historie – på sin måte. Slik kan ein elleve år gamal gut gi oss håp.

Ei anna historie er om Malala. Jenta som var på veg til skulen. Ho sat i skulebussen då Taliban stogga dei og spurde etter Malala. Ho gav seg til kjenne og dei opna kuleelden mot ho. Vi hugsar alle bileta av den blodige jenta som vart redda på eit sjukehus i England. Malala ba aldri om hemn. Ho ba aldri om at verdsamfunnet skulle kome med mottiltak mot dei som skaut ho. Ho ba om to ting. Mindre fattigdom, og skule til alle born i verda. Ho gjekk aldri inn i ei offerrolle, men nytta einkvar sjanse til å fokusere nettopp på desse to krava. Malala Yousafzai fekk fredsprisen og rørte ei heil verd med takketalen sin i Oslo rådhus. Slik kan ei femten år gamal jente gi oss håp.

Eg nyttar høve til å takke alle krigsveteranar, kvinner og menn, og veteranar frå internasjonale operasjonar for innsatsen de har lagt ned for fred, heime og ute. Fred ute er fred heime.

Måtte alle born og unge halde fram med å uttrykke sitt ønskje om fred – på sin måte!

Kinn opnar

I går kom regjeringa med meldinga om gradvis opning av samfunnet igjen. Fram mot 15. juni vil vi stegvis gå mot eit meir normalt samfunn. Beredskapsleiinga i Kinn drøfta dette i sitt møte i dag. I løpet av førstkomande måndag vil vi kome med ein meir utfyllande plan for korleis dette skal skje i vår kommune. Vi legg opp til at neste veke blir ei tilpassingstid. Frå og med måndag 18. mai vil alle skular og barnehagar ha tilnærma normal drift. Vi skjønar enkelte både har spørsmål og innspel i så måte. De må difor følgje med på kommunen si heimeside. Der vil vi legge ut informasjon etter kvart som planane blir sett i verk. Skular og barnehagar sine heimesider vil også vere nyttige med tanke på informasjon.

Ny IT-rådgjevar i Kinn

Jan Are Otnes har fått ny jobb i politiet. Vi takkar for den flotte jobben du har gjort i Flora og seinare Kinn, og ønskjer lykke til med nye utfordringar utanfor organisasjonen. Kjell Arne Bjørkum er tilsett som ny rådgjevar, og startar i stillinga 15. juni. Han har vore i Flora tidlegare og kjem no frå Nordfjordnett. Vi ønskjer også han lykke til i ny stilling.

Personal

Kommunen er i ei omstillingsfase, og det er unntaksvis at stillingar vert lyst ut eksternt. I dei høve det har vore naudsynt, er det svært gledelig at vi har mange søkjarar.

Vi gratulerer KURS KF med ny kontrakt på asylmottak. I samband med dette vert det lyst ut ei rekke stillingar internt.

Vi oppmodar tilsette om å lage seg profil på WebCruiter og gjere seg kjend med dei stillingane som no er tilgjengeleg på Kinn.kommune.no.

I desse dagar mottar mange arbeidsavtale med Kinn kommune. Det blir laga 1600 arbeidsavtalar. I nokre av desse har det dessverre snike seg inn feil. Det er fint å få tilbakemelding dersom det gjeld deg. Det melder du tenesteveg til personalavdelinga.

God helg!

Terje Heggheim
Kommunedirektør