Kommunedirektøren sitt framlegg til 1. tertialrapport 2025 - med revidert budsjett

Her kan du lese kommunedirektøren sitt framlegg til 1. tertialrapport 2025, med revidert budsjett. Rapporten leggast fram for formannskapet i møte den 10. juni.

Gå til kommunedirektøren sitt framlegg til 1. tertialrapport med revidert budsjett her.

God folketalsutvikling

Vi har lagt bak oss fleire år med god folketalsutvikling, særleg knytt til busettings- og integreringsarbeidet. Det er grunn til å tru at folketalsutviklinga flatar ut med utgangspunkt i m.a. færre busettingsoppgåver frå nasjonalt hald. Utan at vi kan spå, kan vi truleg vente endringar i asyl- og flyktningpolitikken i løpet av dei neste åra. Vi ser også fleire flyttingar og trenden er auka mobilitet i alle aldersgrupper, også for godt vaksne, som flytter, m.a. alt etter korleis arbeid- og familiestrukturen endrar seg.

Vi kan difor ikkje berre fokusere på tilflytting, like viktig vert det å sikre at innbyggjarar blir verande. Det er naturleg å jobbe for ein velfungerande arbeidsmarknad, mogelegheiter for lokal etter- og vidareutdanninga og godt regionalt samarbeid om viktige utviklingstiltak som gir ein god bu- og arbeidsmarknad. Vi registrer også arbeidsplassvekst for tida.

Openheit for endring er nødvendig for å skape levande lokalsamfunn

Kommuneplanen sin samfunnsdel fokuserer på tenesteutvikling, økonomiske bereevne, demografi og arealstrategi. Folketalsutvikling påverkar alt frå barnehageplassar og skulestruktur til arbeidsplassar og omsorgstenester. Vi har gjennom innbyggjar undersøking sett at vi over tid har scora betre.

Innbyggjarane er positive til mellom anna:

  • bruk av areal, men med streng krav prosjekt
  • endringar i skulestruktur om skulebygga krev mykje å ruste opp
  • deltaking i frivillig arbeid

Skal vi lukkast med å halde oppe eit levande lokalsamfunn, må vi vere opne for endring, rause i møte med nye innbyggarar, modige i val og kloke i planlegginga. 

Viktige tiltak er i støypeskeia

Sjølv om ikkje kommuneplanen sin samfunnsdel er vedteken har fleire av tiltaka i planen starta opp:

  • Samsnakk med næringslivet sine representantar har no gått over noko tid og representer ein viktig arena for samhandling.
  • Denne våren blir lagt fram politikk for samarbeid med frivilligheita.
  • Grunnlag for områdeutvikling og mogelege endringar av skulestruktur er sendt på høyring.
  • Vi har fått erfaring med tildelingsmodellen innan omsorg og er eit steg i retning av færre tilsette til å handtere fleire eldre. 

Utkast til kommuneplanen sin arealdel er forsinka og vil komme til ny høyring i haust. Vi har ei positiv utvikling med næringsprosjekt som mange kommunar misunner oss, men vi har ikkje nok næringsareal. Små og store bedrifter ynskjer og har behov for større plass. Særleg ser vi at områda kring Florelandet nord er fullt utnytta. Fiskeindustrien i Gunhildvågen har for knappe areal til å utvikle seg. I det siste er kapasiteten til å jobbe med arealplanlegging auka. Næringsareala i Måløy er ferdig regulert gjennom prosess for mottak av steinmassar frå Stad skipstunnel.

Kommuneplanprosessen er også viktig med omsyn på klimatilpassing, arealrekneskap og by- og tettstadstruktur.  

Store byggeprosjekt

Bygging av Skram skole er starta, brannstasjon er ny og Gate 1-prosjektet er snart ferdig. Anbod for Albertatunet er no ute i marknaden. 

Omstillingsprogram med god framdrift, men må reviderast for urealistiske føringar

For å finansiere investeringane er det gjennomført ein omfattande prosess hausten 2024, der vi kom vi fram til 80 omstillingstiltak med eit totalt omfang på 160 mill. kr. dei neste åra, og som denne rapport formidlar, er vi færre årsverk enn i fjor. Gjennomføring av programmet er ein føresetnad for det høge investeringsnivå vi har lagt opp til. 

Nærmare halvparten av desse budsjett tilpassingane og reduserte utgifter skal få verknad dette året. Den største er opphald av finansiering av båtruter i Florabassenget der vi har fått gjennomslag for at dette er ei fylkeskommunal oppgåve. Innan dei store tenestene grunnskule og barnehage er omstillingane krevjande med utgangspunkt i at vi må redusere tal tilsette og jobbe med faglege tilpassing.  Det vert jobba med å legge om innretting av tenestene. Manglande gjennomføring er knytt til urealistisk storleik på reduksjonar i administrative tenester og reduksjonar på skulane som kompensasjon for manglande strukturtiltak.    

Områder med utfordringar 

Som det går fram av rapporten har vi utfordringar med å halde budsjettrammer på einskilde område. Etter store overskridingar på brann- og redning i 2024 jobbar vi aktivt med utgifts- og inntektsstyring. Bustadtenesta må også følgjast opp med utgangspunkt i avgrensa mogelegheit for å hente attende husleigetap og komme fram til ei ramme for årsverk der vi samanliknar oss mot andre kommunar. Kostnader (serviceavtalar og straum) for formålsbygg stig meir enn budsjettrammene. 

Når vi no har teke imot og busett mange flyktningar må vi jobbe særskilt med integreringsarbeidet slik at flest mogeleg kjem i arbeid og presset på kommunale tenester (grunnskule, sosialhjelp, helse og barnevern) blir normalisert. Rekruttering til helse og velferd er særskilt utfordrande, i denne rapporten er det legemangel som fordrar auka utgifter til vikar. Desse utfordringane vil også påverke driftsrammene for 2026. Finansutvalet og formannskapet må fylgje opp dette i budsjettarbeidet i haust og finne tiltak for å balansere ny økonomiplan.