Kommunedelplan for Florelandet-Brandsøy erstattar 180 eldre reguleringsplanar

Kommunestyret vedtok før jul i fjor at 180 eldre reguleringsplanar skulle opphevast. Desse blir no erstatta med kommunedelplan for Florelandet-Brandsøy. I denne saka viser vi deg korleis du finner ut om reguleringsplanen for ditt område er oppheva.

Kommunen har no starta arbeidet med å ta ut dei oppheva reguleringsplanane frå kartet vårt. Dette er omfattande arbeid, og det vil framleis ta noko tid før kartet vårt er heilt oppdatert.

  1. Gå inn på kartklienten vår
  2. Zoom inn på området du er interessert i
  3. Trykk på «Kartlag»
  4. Aktiver kartlaget i menyen til høgre ved å klikke på «Detaljplan»
  5. Klikk på området i kartet, som vist på bildet nedanfor
  6. Vel «Reguleringsplan» og gå til «Planregister»
  7. Du blir då ført vidare til arealplaner.no, og under tittelen vil det stå «Opphevet» dersom planen ikkje lenger er gjeldande


For områder der reguleringsplaner er oppheva, vil det vere kommunedelplan for Florelandet-Brandsøy som er gjeldande. Plankart og føresegner til denne, vil vere førande for kva som er tillate for aktuelt område samt saksprosess for løyver til ev. nye tiltak.