Sentio har delt opp vurderingskriteria i 39 ulike kategoriar. Kinn kommune er blant topp ti i seks av kategoriane - alle kommunar får ein skår mellom 0 - 100:
Vi viser særs sterke resultat på vatn- og avløpssystem, drikkevatn, jobbmoglegheiter og kriminalitet. Dette er viktige faktorar som bidreg til høg livskvalitet for alle. Dei resterande resultata er også veldig positive, men syner at vi har forbetringspotensiale innanfor områda.
Sjølv om innbyggarane gjev ein god skår på jobbmoglegheiter, er det likevel eit sterkt behov for å rekruttere arbeidskraft i tida som kjem. Både kommuneorganisasjonen og næringslivet elles ser på rekruttering som eit viktig fokusområde vi må styrke oss på. Resultatet syner at det er behov for auka merksemd på å skape fleire arbeidsplassar og fremje økonomisk vekst.
Generelt viser borgarundersøkinga ein referansemåling mellom kommunane i landet. Og peiker ut område som kommunane kan rette ein innsats mot og forbetre seg på. Gjennom arbeid med gode samfunnsplanar som gjev kommunar, samfunn og næringsliv ei rettesnor på korleis utvikle seg.
Hugs også at kommuneplanen sin samfunnsdel for Kinn ligg ute på høyring, og at du bidra ved å gi høyringssvar til planen. Dette finn du her.
Om borgerundersøkinga
Undersøkinga blei utvikla i 2010 av Sentio Research og Høgskolen i Bodø etter inspirasjon frå svenske SCBs Medborgarundersökning. Undersøkinga er standardisert slik at ein skal kunne samanlikne resultat på tvers av kommunane. Føremålet er å kartlegge innbyggarane sitt inntrykk av kommunane, og tilfredsheit med sentrale tenester kommunane leverer. Spørsmåla vert delt inn i indeksar som innbyggarane si vurdering av sentrale tenester, tilbod og moglegheiter, tryggleik i kvardagen, demokrati, og korleis kommunen framstår som organisasjon.
Les heile borgarundersøkinga i denne lenka (PDF, 531 kB).