Kinn med i felles oppmoding til forsvarsministeren om å satse på norske verft

Kinn kommune har saman med ti andre kystkommunar bede om eit møte med forsvarsministeren for å understreke kor viktig det er å satse på norske verft i bygginga av dei 28 nye standardiserte fartøya til Sjøforsvaret. Kommunane står samla bak ei oppmoding som løftar fram korleis lokalsamfunn og industri kan spele ei nøkkelrolle i forsvarsløftet.

Westcon Yards i Florø er med i klynga

Westcon Yards i Florø er ein sentral del av den maritime industrigruppa som er klar til å bygge fartøya. Dette betyr mykje for både arbeidsplassar, kompetanseutvikling og framtidig verdiskaping i vår region.

– Dette er eit initiativ vi i Kinn stiller oss hundre prosent bak. Det er heilt avgjerande at store nasjonale investeringar også kjem distrikta til gode. Westcon Yards i Florø har kompetansen, kapasiteten og historia som skal til for å bidra, seier ordførar Bengt Solheim-Olsen.

Industrielt samarbeid for tryggleik og beredskap

Samarbeidet omfattar ei rekke leiande aktørar innan skipsbygging, teknologi og forsvarsindustri – med mål om å utvikle fleksible og kostnadseffektive fartøy etter sivile standardar, med moglegheit for militær utrusting. Stortinget har peikt på at det hastar med å komme i gang, og kommunane meiner ei sterk lokal forankring og mobilisering er avgjerande for å lykkast.

Eit løft for maritim kompetanse og lokal verdiskaping

Langtidsplanen for Forsvaret (2025–2036) legg opp til ein ny struktur med færre, men meir standardiserte fartøy. Dette vil styrke beredskapen og redusere både vedlikehald og kostnader.

For Kinn sin del vil eit slikt nasjonalt oppdrag vere ei moglegheit til å bygge vidare på vår sterke maritime tradisjon – og sikre både verdiskaping og kompetansearbeidsplassar i åra som kjem.

Ein analyse frå Menon Economics viser at bygging av 10 havgåande og 18 kystnære standardfartøy for det norske Forsvaret kan generere opptil 85 milliardar kroner i verdiskaping og 56 000 årsverk over fartøya si levetid. Av dette vil sjølve bygginga bidra med 23 500 årsverk fordelt på aktivitet over heile landet.