Kinn kyrkjelege fellesråd og Kinn kommune har inngått avtale om tenesteyting

Fredag 5. september vart avtalen mellom kommunen og Kinn kyrkjelege fellesråd signert. Avtalen handlar om korleis dei to partane skal samarbeide med tanke på fordeling av ansvar og roller, for å sikre verdige tilhøve kring gravferd, kyrkjegardar og kulturminne.

Avtalen omtalar også andre omsyn som bruk av kommunale møterom, og deltaking på kurs som vert arrangert for kommunalt tilsette. I tillegg skal fellesrådet disponere eigna vallokale i valår der det også er kyrkjeval.

Fellesrådet har ansvaret for å planlegge og gi innspel til kommunen når det er behov for investeringar i kyrkjebygg, andre bygg eller kyrkjegardar. Kommunen har også eit ansvar for å sette av nok areal til utviding av kyrkjegardar.

Kvart år skal fellesrådet legge framlegg til løyving frå kommunen, som skal følgje kommunedirektøren sitt budsjettframlegg til politikarane kvart år.

Du kan lese avtalen mellom Kinn kommune og fellesrådet her. (PDF, 6 MB)