Dette er to av dei ferskaste festivalane i kommunen, og bak står ein ung generasjon kulturarbeidarar. Kva nettverk og bransjemiljø er dei eventuelt del av? Kva erfaringar har dei gjort seg på til dømes transport, overnatting og logistikk når festivalane var på same tid?
Det blei også spurt om det er utstyr eller kompetanse som kan eigast i fellesskap eller eventuelt delast, og om tileigna kunnskap blir delt festivalane imellom. Og sist men ikkje minst: kva tenker dei om framtida?
Ordføraren rosa festivalane for å nå ut til nye målgrupper
- Vi høyrer om ungdom - som med stjerner i blikket - fekk oppleve sin første festival, og det til og med på heimebane under Palmekystfestivalen. Vi høyrer også om artistar som berre vil ein ting, og det er å spele på Havblikk.
Festivalarrangørtreff i nordre del av kommunen
Rett over ferien vil kultursjefen ta initiativ til ei tilsvarende samling i nordre del av kommunen.
Om eit par veker brakar det laust med Strandfestivalen i Refvika. Rett rundt hjørnet er det Våt Moro i Florø, og i august Elvisfestivalen i Måløy. Nyleg hadde vi Kinnaspelet, Sildebordet, Laksens dag og Måløydagane. Også alle store festivalar som samler mykje folk innanfor sin sjanger.
Ny rettleiar for utearrangement i kommunen
Mange arrangørar leitar gjerne etter tips og triks på promotering og sal, eller grønt festivalfokus. Behovet for felles kalendarar for m.a. å forsøke å unngå kollisjonar var også tema, men også det å ha tilgang på mange nok frivillige. Profesjonelle aktørar, frivilligheita og det offentlege heng i mange tilfelle tett saman.
Kinn kommune har no laga ein rettleiar for utearrangement. Denne går i desse dagar på høyring til festivalarrangørar og andre. Målet er å ha lett tilgjengelege verktøy til hjelp for alle som vil lage store arrangement utandørs.