Kinn kommune investerer i Måløy

Vi har starta og er set i gang med investeringar for om lag 470 millionar kroner i Måløy.

Status på investeringar

  • Skram Skule: Vinnaren av tilbodskonkurransen er nylig offentleggjort
  • Gate 1:  Entreprenør valt
  • Rehabilitering av Holvik Barnehage: Arbeidet er i gang
  • Ny brannstasjon: Arbeidet i gang
  • Ny veg Øvre Skram: Utlysing av anbod


Seint i 2023 starta kommunen å bygge ny brannstasjon på Moldøen. Dette er eit ledd i betring av arbeidsmiljø for tilsette og fornying av eldre anlegg. Brannstasjon har eit budsjett på 62 mill. kr. Brannstasjonen skal stå ferdig midten av 2024. Kontraktspart er Veidekke. Komande tysdag skal det vere kranselag for å markere at vi no har «tett bygg».

Kommunen har førre veke valt entreprenør til opprusting og fornying av kommunal del av Gate 1. Kinn kommune har valt Aco Anlegg AS til å gjere denne jobben.  Anbodsrunden har vist at entreprisekontrakten var innanfor budsjett. Byggetrinn 1 i Gate 1 har eit budsjett på 55 mill. kr. Anleggsperioden for byggetrinn 1 er forventa til 14-18 månader. Innbyggarane vil bli holdt orientert om framdrift, omkøyring og andre omsyn. 

Kommunen er i gang med rehabilitering av Holvik barnehage. I dette prosjektet er Veidekke kontraktspart. Prosjektet skal gjennomførast medan barnehagedrifta oppretthaldast. Prosjektet fedigstillast til nytt barnehageår starter i 2024. 

 Denne veka har vi kåra Veidekke AS til vinnaren av konkurransen for bygging av den nye Skram skole. Det har vore stor interesse for prosjektet mellom entreprenørane. Skulen vil stå ferdig tidleg i 2026, og har eit budsjett på 329 mill. kr. Sidan det har vore stor interesse for prosjektet har ein god grunn til å vere trygg på at avsett investeringsramme vil vere tilstrekkeleg.

I løpet av første halvår planlegger Kinn kommune å lyse ut opparbeiding og utbetring av vegnettet i Øvre Skram. Ny veg mellom Kongshaugvegen og Idrettsvegen, samt mellom Gate 6 og Idrettsvegen vil gjere det mogeleg å realisere nye bustadfelt i Måløy.

Kommunedirektør Øyvind Bang-Olsen seier at kommunen har flinke fagfolk som har jobba hardt med prosjekta, og er sikker på at investeringane vil utvikle Kinn som kommune og Måløy som by. 

Investeringar i Måløy
Prosjekt Kostnad mill. kr.
Rehabilitering av Holvik barnehage 9
Skram skole 329
Gate 1 55
Øvre Skram - ny veg 17
Brannstasjon 62
Igangsette og pågåande investeringar Totalt: 472