Kontraktsforma er ei totalenterprise (NS 8407) basert på eit skisseprosjekt utarbeidd av konsulentselskapet HRP AS i samarbeid med kommunen. Kommunedirektøren er særs glad for at ein ny og viktig milepæl i prosjektet no er passert.
Kontrakt for riving av den gamle skulen er underskrive og arbeidet med rivearbeidet har starta og har god framdrift. Ein er difor no også glad for at ein snart kan starte bygginga av ein ny og moderne skule i Måløy. Den nye skulen vil gje eit viktig bidrag inn at kommunen skal tilby både tilsette og elevar moderne og gode fasilitetar med eit moderne pedagogisk læringsareal.
Den nye skulen er dimensjonert for 250 elevar. Gymsal og garderobar er dimensjonert for eit elevtal på 400 elevar. Årsaka til dette er at ein i prosjektet har tilrettelagt for ei framtidig mogeleg lærearealutviding av skulen til 400 elevar. Sjølv om tomta for skulen er krevjande både når det gjeld byggekostnadar og topografi, vil den nye skulen ha eit godt og universelt utforma utomhus areal, som også skal kunne nyttast på kveldstid.
Deltakarane i konkurransen har vore
- Åsen og Øvrelid
- Consto AS
- Arbeidsfellesskapet HS Bygg / UNU DA
- Veidekke Entreprenør AS
Tildelingskriteria har vore
Karenstida er utgått
Tildelingsslutninga vart sendt til tilbydarane den 05.02.25 og karenstida gikk ut i går, den 17. februar kl. 12.00.
Kommunen mottok innsynskrav i evalueringa og tilboda frå alle fire tilbydarane. I tida fram mot utløpet av karenstida har kommunen motteke fleire klager, der enkelte av tilbydarane har framsett påstandar om feil og manglar ved vinnars tilbod, men også andre av tilbydaranes tilbod. Kommunen har fram til utløp av karenstida arbeidd med å greie ut påstandane og har i sitt arbeid konkludert med at desse ikkje har medført riktigheit og har tilbakevist påstandane.
Kommunedirektøren er svært nøgd med tilboda og er glad for at ein har fått gjennomført ein god konkurranse med kompetente tilbydarar. I forhold til forrige konkurranse har ein gjort ei juridisk "oppstramming" av konkurransegrunnlaget, og dette er også viktig for sjølve gjennomføringa av kontrakten og prosjektet.
Kommunedirektøren opplever at ein har dratt nytte av marknadssituasjonen, kor konkurransen om oppdraga framleis er gunstig. Når ein tar høgde for prisstigninga på rundt 3%, er dei mottekne tilboda såleis på linje med tidlegare konkurranse. Dette er eit viktig bidrag inn mot ein elles anstrengt kommuneøkonomi.