Kinn kommune deltar i utviklingsprosjekt for betre metodar for reinsing av avløpLytt til tekstenStopp avspilling Nytt avløpsdirektiv for EU er forventa å bli vedteke i 2024, for deretter å bli innlemma i Norsk lov. Det nye direktivet legger opp til vesentleg strengare reinsekrav for avløpsvatnet. Dette i lag med eit allereie stort etterslep på leidningsnett og reinseanlegg, vil medføre kostnader i 100-milliarderklassen på landsbasis. Kinn kommune skal vere med i front for å møte dei utfordringane som kjem. Vi deltek no aktivt i lag med våre nabokommunar og Vann Vest AS i eit utviklingsprosjekt kalla «Mission zero», for betre metodar for reinsing av avløp og forvaltning av ressursen. For å lykkast må vi forandre måten vi tenker på avløp, frå å vere eit problem til å sjå på avløp som ein ressurs. Målsetting Nå over og forbi eksisterande utsleppskrav som igjen eliminerer framtidige krav og fokus Hauste og vedsette 100% av dei fornybare karbonressursane til energi, gjødsel og regenereing av matjord Avkarbonisere avløpssektoren til netto null energiforbrukarar og potensielt også til produsentar av fornybar energi Sist endra 05.12.2023 12.00