Kinn kommune ber Vestland fylkeskommune ta ansvar for båtruteneLytt til tekstenStopp avspillingVestland fylkeskommune har svart raskt på Kinn formannskap sitt oversendingsbrev om finansiering av båtrutene i kommunen. Kinn kommune meiner det er fylkeskommunen sitt ansvar å dekke kostnadane for kollektivtilbodet på sjøen, slik det også blir gjort i andre samanliknbare kommunar. I dag betaler Kinn ei betydeleg sum for båtruter, utan at vi får eit betre tilbod enn andre kommunar der fylket har ansvaret for heile kostnaden.Ordførar: «Eit fylkeskommunalt ansvar»Ordførar Bengt Solheim-Olsen har påpeika at kommunen betaler for eit tilbod som i prinsippet er fylkeskommunalt. «Dette er grunnleggande urettferdig,» seier ordføraren, som meiner det ikkje er noko som tilseier at Kinn skal stå for desse kostnadane. Det handlar om eit nødvendig kollektivtilbod for pendling og skuletransport, og kommunen ser det slik at det bør vere fylket som finansierer dette, ikkje Kinn.Historisk praksis blir utfordraFylkesordførar Jon Askeland anerkjenner Kinn sine bekymringar. Han forklarar at den noverande ordninga har røter i tidlegare politiske vedtak som delte finansieringsansvaret mellom enkelte kommunar og fylkeskommunen. Likevel viser han forståing for at situasjonen kan verke urettferdig for Kinn og har lagt opp til rask vidare saksgang. Han forsikrar at fylkesadministrasjonen vil følgje opp med ei utgreiing til fylkestinget slik at dei kan fatte eit politisk vedtak om ansvarsfordelinga.Rask vidare saksgang til fylkestingetKinn kommune har også gjort det klart at dei ikkje tek høgde for desse kostnadane i framtidige budsjett. Kommunen forventar at eventuelle endringar skal gjelde frå og med 2025, slik at båtrutene i Kinn kan bli finansiert i tråd med praksisen i andre fylke. Kommunedirektør Øyvind Bang-Olsen vil bidra med dokumentasjon og informasjon for å sikre ei rask handsaming hos fylkeskommunen.Med eit løfte om raske framsteg frå fylkesordførar Jon Askeland, håpar vi at fylkestinget vil komme til ei rettferdig løysing som sikrar eit trygt og likeverdig kollektivtilbod for innbyggarane i kommunen.Bakgrunnen for sakaBakgrunnen er at Kinn kommune finansierer fleire av dei fylkeskommunale båtrutene i Kinn, dette gjeld ruter i Florøbassenget, Kystvegekspressen og Sildaruta. Formannskapet vedtok 15.10.2024 at Kinn kommune er av den klare oppfatning at ferje- og båtrutene i Kinn fullt ut skal betalast av Vestland fylkeskommune. Formannskapet gav ordførar og kommunedirektør i oppgåve å innleie dialog med Vestland fylkeskommune med føremål å formidle Kinn kommune sitt standpunkt i saka. Publisert 07.11.2024 11.03 Sist endra 07.11.2024 11.03