Kinn i fokus når VG omtalar bemanningskrisa i helse og omsorgLytt til tekstenStopp avspillingKinn står i fokus når VG omtalar bemanningsutfordringane som landets kommunar slit med i helse- og omsorgssektoren. - Vi har ikkje ekstra arbeidskraft å ta av. Det blir utfordringa når tal eldre aukar så valdsamt, seier kommunalsjef Norunn Stavø. I nyare tid har vi i samfunnsplanarbeidet, og i saka om ny tenestestandard, omtala utfordringane innan helse- og omsorgssektoren. Vi vert mange fleire eldre, og færre unge i arbeidsfør alder. Dette gjer at omfanget av tenestene vi kan tilby vert påverka. Kinn er ikkje den einaste kommunen i landet som vert utfordra. Dette skriv VG om i følgande artikkel.Les artikkelen på VG sine heimesider. Publisert 08.11.2024 12.55 Sist endra 08.11.2024 12.58